Sel seg heilt ut av PSV-segmentet
I ein børsmelding går det fram at Solstad Offshore går ut av PSV-bransjen.
Det er det USA-baserte selskapet Tidewater som kjøper flåten på 37 PSVar for 577 millionar dollar, noko som tilsvarar omlag 6 milliardar norske kroner.
I børsmeldinga skriv dei at salet gjer at Solstad Offshore reduserer gjeld med om lag seks milliardar kroner og styrkar selskapet sitt likviditetsposisjon.
Solstad Offshore, har etter salet 41 skip i drift, i tillegg til seks skip som ikkje er i drift og vert vurdert selt.
Solstad posisjonera seg no som ein global aktør innan ankerhandteringssip (AHTS) og Subsea fartøy, som er naudsynte til mellom anna vindmarknaden.
– Salet av PSVane representerar eit skifte i vår strategi i ein marknad i endring. PSVar er mest eigna for oljemarknaden, medan AHTSar og CSVar eignar seg for alle offshore energisektorar, inkludert olje, gass og fornybar energi. Dette er er difor på linje med vår strategi om å vera ei viktig verksemd inn i energiskiftet. Samstundes vil transaksjonen gje Solstad større finaislet spelerom, og ein mykje betre gjeld- og kontantposisjon frammover, kommenterer CEO i Solstad Offshore Lars Peder Solstad
Solstad Offshore siktar seg no inn mot å vidareutvikla CSV- og AHTS-segmenta, som inkluderar å byggja opp selskapet sin servicedivisjon og få ein sterkare posisjon i fornybar energi-marknaden.