Spektakulær skanning kartlegg Oslo hamn
Oslo hamn er modell for korleis norske hamner kan bli digitale og automatiserte i ei ny storsatsing. Dei næraste dagane kan Oslofolk få eit spektakulært syn når grønt laserlys frå fly kartlegg grunne område og detaljar over og under vatn.
Eit kraftig grønt lys kan bli godt synleg over Oslohimmelen når laserstrålane frå eit fly i låg høgd borar seg gjennom vatnet og ned på sjøbotnen mellom Ekebergåsen, Bygdøy og Nesodden.
Resultatet er tredimensjonale kart med ekstremt detaljert hamneinformasjon – samanhengande frå land til under vatn i dei grunnaste områda.
– Hamner skaper store verdiar i heile landet og er viktige hjørnesteinar i norske kommunar. Digitalisering av hamnene vil auke verdiskapinga og betre beredskapen, både for skipstrafikken, hamnene og kommunane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Laserskanninga vil truleg skje onsdag 14.12 i tidsrommet 10-14.
Samanhengande over og under vatn
Ni norske hamner, inkludert Oslo hamn, arbeider saman med Kartverket om å digitalisere hamnene i eit prosjekt som er finansiert av Kystverket og prosjektdeltakarane. I Oslo blir grøn laser testa for å sjå korleis kystnære område kan bli kartlagt meir effektivt.
– Med denne laserskanninga leverer vi ein svært viktig bit i puslespelet der Oslofjorden blir kartlagt i minste detalj. Vi kommer eit stort skritt nærare ein 100 prosent komplett digital terrengmodell som er felles over og under vatn. Modellen utgjer fundamentet framtidig kunnskapvil bli bygd på, seier kartverksjef Johnny Welle i Kartverket.
90 prosent gods på sjø
Om lag 90 prosent av gods som blir transportert inn og ut av Noreg,kjem via sjøvegen. Gjennom ei tilskotsordning for effektive og miljøvennlege hamner, kan Kystverket vere med og finansiere prosjekt som mellom anna gjer hamnedrifta meir effektiv.
– Digital infrastruktur blir stadig viktigare for hamnedrifta. Slike digitaliseringsprosjekt synleggjer potensiale for store innsparingar gjennom effektivisering, seier Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.
Store miljøgevinstar
Digitalisering av hamnene gjer innseglinga sikrare, reduserer liggetida og ventetida for skipa ved kai.
–Båtane får samanhengande data heilt frå sjøbotnen og inn på kaianlegget. Med meir detaljert informasjon kan skipa betre rekne ut nøyaktig kor mykje last dei kan ha og legge inn presise tryggingsmarginar, seier Welle.
Når båtane bruker mindre tid på segling og venting i hamna, slepp dei også ut mindre CO2. Berre for dei ni norske hamnene som no blir digitaliserte, kan utsleppa bli redusert med ca. 120.000 tonn CO2. Det er om lag ein tiandepart av dei samla utsleppa frå norsk innanriks luftfart (2017-tal).
Effektive hamner
– Digitalisering vil revolusjonere hamnene, fastslår Hege Berg Thurmann i Oslo Havn KF som er prosjekteigar. No blir det lagt til rette for autonome skip og hamneoperasjonar.
– Når dei digitale løysingane blir tatt i bruk, vil det endre heile måten å drive hamna på. Systema som blir utvikla no, blir tilgjengelege for alle norske hamner, seier Berg Thurmann.
Mellom anna blir det utvikla digital kai- og tenestebestilling som erstattar e-postar og manuelt arbeid: Når eit fartøy skal segle inn til ei hamn, blir sendt i snitt 117 e-postar fram og tilbake mellom skipet og hamna.
Med ny digital plattform for samhandling og kommunikasjon mellom skip og hamn, kan kaptein og hamnesjef oppdatere bestilling av kaiplass og fortøyingsplan i sanntid utan ein einaste e-post.
– Dette gjer planlegging og gjennomføring av anløp meir smidig, både for hamn og fartøy, seier Thurmann.