«Vikingen» på mannskapslaus tur
MF «Vikingen» reiv seg laus frå fortøyinga ved kaia i Sandnessjøen. Her har det 84 meter lange skipet drive rundt i hamna utan mannskap om bord.
Grunna vind sleit fartøyet seg frå fortøyinga. Fredag morgon dreiv bilferja rundt i hamnebassenget før den la seg ved ei flytebrygge ytterst i hamna, skriv VG.
- Denne hindra ferja i å bevega seg rundt i hamna, der den kunne påført andre fartøy, verksemder og konstruksjonar i kaiområdet betydelege og større skadar, seier hamnedirektør i Helgeland Havn IKS Laila Brunvold til VG.
Hamna ligg i Sandnessjøen i Nordland fylke.
Hamnedirektøren fortel til VG at mannskapet frå Noreld kom seg om bord via stigar sett opp frå flytebrygga. Ferja er no ute i hamneområdet og leitar etter ein ny plass å fortøya.
Bilferga MF «Vikingen» har ein kapasaitet på 86 bilar og 296 passasjerar. Ferja er eigd av reiarlaget Norled.