Styrkar det lokale eigarskapet i Myklebust Verft
Selskapa Inyard Invest AS, Cortex AS og Hareid Elektriske AS har kjøpt seg opp i Myklebust Verft.
Dei tre lokalt forankra selskapa har kjøpt Hurtigruten Group AS, Maritime Repair GmbH (selskap i Lürssen gruppen), Strawberry Equities AS, H-Invest AS og Silk Holdings S.Ar.L. sine aksjepostar i verftet, og eig no verftet saman med John Kleven AS og ei rekke lokale, mindre aksjonærar.
Myklebust Verft er med det attende på lokale hender etter ein periode med ein eigarkonstellasjon som har inkludert fleire norske og internasjonale selskap.
- Verfta er motoren i den maritime klynga på Sunnmøre, og vi er glade for at lokale selskap bidrar til at Myklebust Verft framleis vert ein sentral aktør i denne klynga, seier Per-Christian Kroepelien Lillebø, styreleiar i Myklebust Verft Invest AS.
- Myklebust Verft har dei siste par åra vore gjennom ei positiv utvikling, og vi ser fram til å vidareutvikle verftet med eit eigarskap med sterk lokal identitet i ryggen, avsluttar Kroepelien Lillebø.