Høg aktivitet skapte gode resultat for Myklebust Verft

Myklebust Verft har lagt bak seg eit år med høg aktivitet og mange prosjekt, skriv dei i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Det er mellom anna gjennomført og sluttført to nybyggingsprosjekt og to større ombyggingar i kombinasjon med annan ettermarknadsaktivitet i 2022.

Dette har resultert i god utvikling innan alle segment og gir eit driftsresultat på 105,0 millionar kroner. Resultat før skatt enda på 100,9 millionar kroner.

Myklebust Verft Invest AS - Konsern

- Me vel å sjå dei to siste åra i samanheng. Etter eit tøft år i 2021 er det svært gledeleg og viktig for Myklebust at ein lukkast å levere eit godt resultat i 2022. Betre prosjektgjennomføring, systereffekt og ikkje minst stor innsats frå våre tilsette er viktige element som har gitt resultatforbetring gjennom fjoråret, seier konstituert dagleg leiar Leiv Sindre Muren.

Marknadsområde

Totalt hadde verftet 22 prosjekt av ulike storleikar i løpet av fjoråret. Omsetninga enda på ca. 1.284 millionar kroner og representerer marknadsområda nybygging, ombygging og vedlikehald, som verftet strategisk ønskjer å operere i.

- Me hadde gjennom fjoråret høg aktivitet og opp mot 700 personar inne på verftet i dei mest hektiske periodane. Me har utnytta kapasiteten godt og me er nøgde med at me denne perioden også har fått gjort reperasjonar og vedlikehald til nye og trufaste kundar som vender tilbake, seier Muren.

I konsernrekneskapen for Myklebust Verft Invest AS, er årsrekneskapen i vesentleg grad påverka av den operasjonelle aktiviteten i Myklebust Verft AS. Konsernrekneskapen for 2022 enda med eit resultat på 105,2 millionar før skatt.

Miljøombygging

Aktivitetsnivået frå 2022 har verftet tatt med seg inn i 2023. I april gjennomførte verftet mellom anna dåp og ope skip for sitt nybygg nummer 78, som i etterkant er overlevert til Sølvtrans Rederi AS.

I tillegg har Myklebust i starten av mai levert tilbake Hurtigruteskipet «Kong Harald» etter å ha gjennomført ei av Europas største miljøombyggingar. Tilsvarande miljøombygging vart ferdigstilt for Hurtigruteskipet «Richard With» våren 2022, skriv dei i pressmeldinga.

- Myklebust ligg an til å levere eit positivt resultat første halvår i 2023, sjølv om vi no går inn i ei rolegare periode. Vi har enkelte oppdrag i den korte marknaden, men vil også ha kapasitet til å ta større og mindre prosjekt framover.

På verftet vert det jobba med fleire konkrete nybyggingsoppdrag og ombyggingsoppdrag. – Vi ser eit taktskifte innan vind og oljeservice, og ser optimistisk på moglege prosjekt i fleire segment, seier Muren.