Myklebust Verft med underskot
Myklebust Vert har lagt bak seg eit 2021 med stor omsetning og høg aktivitet. Utfordringar med nybyggingsprosjekta gav raude tall og eit driftsresultatet på minus 91,8 mill. nok. Resultat før skatt enda med eit underskot på 85,9 mill. nok.
- 2021 er historie, men vi må lære av dei utfordringane vi har hatt og sørge for at vi framover skapar sunne og lønnsame arbeidsplassar her på Myklebust Verft. Hittil i år har vi jobba mykje med å få kontroll og trygge gjennomføring av pågåande prosjekt, og dette arbeidet fortsett vi med. Det er gledeleg at vi så langt i 2022 har levert langt betre resultat, og at alle på Myklebust jobbar hardt kvar dag for å halde denne kursen vidare, seier CEO Lars Conradi Andersen i en pressemelding.
Myklebust Verft Invest AS - Konsern
Tall i millioner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 854,1 | 540,2 |
Driftsresultat | −92,9 | 11,2 |
Resultat før skatt | −85,3 | 4,3 |
Resultat etter skatt | −85,3 | 4,3 |
Totalt hadde verftet 30 større og mindre prosjekt i løpet av 2021, eit år som i høve til ei omsetning på ca. 841 mill. nok, i stor grad omhandla nybyggingsaktivitet. I konsernrekneskapen for Myklebust Verft Invest AS, er årsrekneskapen i stor grad påverka av den operasjonelle aktiviteten i Myklebust Verft AS.
Konsernrekneskapen enda for 2021 med eit underskot på 85,3 mill. nok. før skatt.
Med fjoråret bak seg har verftet første halvår 2022 hatt full sysselsetting, med to større ombyggingar samt eit nybygg under utrustning. Vidare venta verftet å ha jamn
Myklebust Verft AS
Tall i millioner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 854,1 | 540,9 |
Driftsresultat | −91,8 | 12,4 |
Resultat før skatt | −85,9 | 4,8 |
Resultat etter skatt | −85,9 | 4,8 |
aktivitet gjennom 2022, men med framleis noko ledig dokk-kapasitet til andre oppdrag.
- Myklebust vil levere eit godt resultat første halvår 2022. Årsprognosane ser samla sett bra ut i høve til aktivitet og lønnsemd, seier CFO Leiv Sindre Muren.
- Ordremengda for Myklebust strekker seg over i 2023, og vi jobbar aktivt ut mot marknaden for å sikre oss meir arbeid. Det er positivt å registrere at utsiktene innanfor spesielt offshore service er i ferd med å ta seg betrakteleg opp, samstundes som etterspørselen innafor fisk og oppdrett held fram, avsluttar Conradi Andersen.
Verftet har for tida 158 faste tilsette i arbeid. Frå hausten 2022 vil verftet i tillegg ha 7 lærlingar og TAF-elevar på plass.