Vann prestisjefylt EU-pris i Brussel

ShipFC-prosjektet, med mange norske partnarar, stakk av med «Best Outreach Award» under EUs hydrogenveke i Brussel onsdag.

– Dette er ei stor ære, både for partnarane i ShipFC-prosjektet og for Maritime CleanTech som industrisamarbeid. Å sørga for at ny kunnskap og informasjon når ut til industrien og samfunnet er sentralt når me utviklar grøn teknologi og nye verdikjeder. EU gjer det mogleg for oss å demonstrera reelle løysingar som bidrar til utsleppskutt frå skipsfarten. Denne prisen er ei anerkjenning av arbeidet me gjer for å visa fram framtidas løysingar i internasjonale marknader, seier konstituert direktør i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte i ei pressemelding.

Prosjektpartnarar i ShipFC:

  • Maritime CleanTech
  • Eidesvik
  • Equinor
  • Wärtsilä
  • Alma Clean Power
  • Fraunhofer IMM
  • Yara International
  • University of Strathclyde
  • National Center of Scientific Research “Demokritos”
  • Persee
  • North Sea Shipping
  • Capital-Executive Ship Management Corp
  • Star Bulk Ship Management
  • Sustainable Energy Catapult Centre.

Formålet med EU-prisen er å auka fokuset på godt formidlingsarbeid i store innovasjonssatsingar som mottar EU-midlar. Juryen legg vekt på kreativitet, men også grundig planlagde kommunikasjonsstrategiar.

Banebrytande teknologi

Det EU-finansierte ShipFC-prosjektet skal bevisa at det er muleg å kryssa lange strekningar med store fartøy, heilt utsleppsfritt. I prosjektet skal Eidesvik sitt offshorefartøy «Viking Energy» få ettermontert ei stor, høgtemperatur brenselcelle frå Alma Clean Power, driven av grøn ammoniakk. Det nye energisystemet vil gjera det mogleg for skipet, som går på kontrakt for Equinor, å segla på reint drivstoff i opptil 3000 timar årleg.

– Prosjektet vårt kan spela ei avgjerande rolle i arbeidet med å gjera skipsfarten utsleppsfri. Gjennom det aktive marknads- og kommunikasjonsarbeidet vårt ser me at interessa for aktivitetane våre er svært stor, både nasjonalt og ikkje minst, internasjonalt, seier Tore Boge, som er prosjektkoordinator for ShipFC.

Gir inspirasjon

Tore Boge var på plass i Brussel for å ta imot den ærefulle prisen onsdag kveld, saman med Maritime CleanTech-kollega, Kari Stautland, som leier kommunikasjonsarbeidet i ShipFC-prosjektet.

– Denne prisen er eit resultat av godt samarbeid mellom prosjektpartnarane, som alle deler oppfatninga om at deling av informasjon og kunnskap er viktig om me skal lukkast med det grøne skiftet. Dette viser at me har fått ei høg stjerne hos EU, og det gir oss ekstra motivasjon til den vidare prosjektutviklinga, seier Stautland.