Revidert nasjonalbudsjett:

Kystverket får 28 millioner meir
Regjeringa aukar løyvinga til Kystverket med 28 mill. kroner. Løyvinga skal dekkja utgifter etter uveret «Ingunn» og unormalt mykje isbryting.
– Det er viktig at skipstrafikken og fiskeflåten kan ferdast trygt og effektivt langs kysten. Kysten vår er verutsett, og når det i tillegg blir ekstraordinære forhold slik som i vinter, er det heilt naudsynt å løyve meir midlar for å sørge for god sikkerheit og framkomst, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Uveret «Ingunn», som trefte Noreg i slutten av januar, forårsaka skadar både på navigasjonsinnretningar og fyrbygninger.
Det er viktig å utbetre desse skadane raskt, både av omsyn til sjøsikkerheita og for at tilstanden på bygningane ikkje blir ytterlegare forringa.
– Det har vore uvanleg stort behov for isbryting i vinter, og forholda var langt meir krevjande enn det vi har vore vant med dei siste åra. Som ein illustrasjon på forholda var behovet for å bryte is i Drammensfjorden og i Oslofjorden tre gonger så stort som normalt, seier Næss.