Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide

Noreg i topp 3 på kvalitetsliste

Paris MoU har rangert verdas flaggstatar, og Noreg er å finne på tredjeplass på årets White List.

Publisert Sist oppdatert

Dette er gledelege nyheiter. Noreg har halde seg på øvste del av lista i mange år og dette stadfestar vår posisjon som eit kvalitetsregister, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Om Paris MoU:

  • Regional hamnestatskontroll med 27 medlemsland.
  • Årleg blir om lag 20.000 skip kontrollerte gjennom Paris MoU-systemet. Kontrollane blir fordelte mellom dei 27 medlemslanda, etter kor mange utanlandske skipsanløp dei har.
  • Paris MoU gir kvar år ut ei rangeringsliste, den såkalla «BGW list» (Black, Grey, White List), som er ei oversikt over flaggstatar som blir vurderte som kvalitetsflagg (White List), til flagg som blir vurderte som risikoflagg (Black List).

Paris MoU, som er det europeiske samarbeidet om hamnestatskontrollar, rangerer årleg verdas flaggstatar etter talet på inspeksjonar og tilbakehaldne skip.

Dei 40 flaggstatane som hamna på White List i år, har høgast snittkvalitet på skipa sine, og lågast risiko for alvorlege hendingar.

Det er berre fartøy med flagg som ligg på White List som kan bli eit såkalla «low risk ship», som igjen får sjeldnare inspeksjon i PMoU-samarbeidet.

Godt samarbeid fører til auka tryggleik i flåten

– Reiarlaga og sjøfolka som tar tryggleik i den norske flåten på alvor, skal ha mykje av æra for denne gode plasseringa. Me har og stor tru på at det gode samarbeidet mellom reiarlaga, Sjøfartsdirektoratet og klasseselskapa har vore avgjerande for det gode resultatet, seier sjøfartsdirektøren.

I tillegg til White List finnes Grey List og Black List, der kvaliteten er lågare og risikoen tilsvarande høgare.

I år består Grey List av 21 flaggstatar medan 7 hamna på Black List. Listen oppdateres 1 juli kvart år.