Island Offshore med storsatsing i jubileumsår
I april 2024 var det 20 år sidan etablering av reiarlaget Island Offshore. No satsar reiarlaget offensivt igjen og bestiller eit toppmoderne hybrid Ocean Energy Construction Vessel frå Vard med opsjon på to til.
Med seg i bagasjen har Island Offshore solid erfaring gjennom tjue år som reiarlag.
Då Island Offshore Management AS, 27. april 2004, tok over MV «Island Frontier», bygg nr. 137 frå Søviknes Verft, var UT 737 L det fyrste designet som var bygd etter DNV sine reglar for Ship-Shaped Well Interventions Units og Sjøfartsdirektoratet sine krav for Mobile Offshore Units.
Dette var også starten på reiarlaget si satsing i lett brønnintervensjon, og Island Frontier fekk ein del omtale i media ved levering: «Det ligger mye utviklingsarbeid og mange nyheter i «Island Frontier».
Ulsteinfamilien hadde i mange år tidlegare vore medeigarar i fleire skip som andre reiarlag drifta. Desse prosjekta vart avvikla i tida før og etter levering av Island Frontier, og det langsiktige samarbeidet med familien Chouest vart etablert.
Sidan då har Island Offshore teke levering av meir enn femti offshoreskip – alle frå norske verft og med norske leverandørar som viktige samarbeidspartnarar.
– Vi er stolte av at Island Frontier framleis er ein del av vår flåte. Idear og tenking bak dette prosjektet har ført reiarlaget framover og inspirert mange andre skip som seinare har komme til i flåten. Vi likar å tenkje at vi er opptekne av innovasjon og entreprenørskap, og at dette er demonstrert til fulle gjennom tjue år som ein nytenkjande pådrivar blant offshorereiarlaga, seier eigar Håvard Ulstein.
Vard design
Dei kommande skipa i flåten er av VARD 3 25 design, utvikla saman med Island Offshore med fokus på stabil, fleksibel og effektiv operasjon med særs gode sjøeigenskapar og ein sterk miljøprofil.
Skipa har særs fleksibel anvendelse og kan utføre subsea operasjonar inkludert IMR (inspeksjon, vedlikehald og reparasjon), røyrlegging, installasjonar på havbotn, W2W, kabellegging og reparasjonar mv.
– Vi har sterk tru på framtida og er stolte av å kunne satse igjen etter mange vanskelege år. Dette er morgondagens arbeidsplass på havet, og vi håpar kundane vil ta godt imot båtane. Utvikling og fornying av flåten er nødvendig om vi skal sikre langsiktig og lønnsam drift av selskapet. Verda treng energi frå havet, uttalar administrerande direktør Tommy Walaunet.
Det fyrste skipet vil få namnet «Island Evolution», nettopp for å symbolisere det sterke fokuset på utvikling og framtidstru hjå eigarar og tilsette i Island Offshore.