Fekk internasjonal designpris
Vindskip, utvikla av Lade AS i Ålesund, er vinnar av prisen German Design Award 2020 i klassen for framståande produktdesign (Excellent Product Design, Conceptual Transport).
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det tyske designrådet står bak prisen, som har stor internasjonal tyngde og er høgt respektert langt utover fagmiljøa verda over.
- Det kom som ei stor overrasking for gründer Terje Lade i Lade AS då han fekk beskjeden om at Vindskip var nominert til denne prisen, skriv Lade AS i ein pressemelding.
Imponert
Juryen består av 37 anerkjente ekspertar frå ulike fagfelt innan industri, akademia, vitskap og design.
- I grunngjevinga framhevar dei det eksepsjonelle og futuristiske designet av skipsskroget, som både fungerer som segl, er mykje lettare enn tradisjonelle skrog, og som med den hydro- og aerodynamiske utforminga dramatisk reduserer motstanden gjennom sjø og luft. Juryen er imponert, og understrekar at Vindskip utfordrar den tradisjonelle måten å tenkje skip på, både når det gjeld form og funksjonalitet.
På lag med naturkreftene
Med Vindskip, har gründer Terje Lade kombinert kunnskap om speed-segling og flyging.
- Målet var å utvikle eit skip som i stor grad reduserer klimagassutsleppa samanlikna med andre skip i internasjonal skipsfart. I staden for å kjempe mot naturkreftene med motorkraft, utnyttar skipet vind, straum og bølgjer til framdrift, skriv selskapet.
I tillegg har skipet motorar som går på flytande naturgass (LNG), som saumlaust bidreg til naturkreftene etter behov. Slik kan skipet halde jamn fart og kurs uavhengig av vêr og vind ifølge selskapet.
LNG kan bytast ut med biogass når dette drivstoffet blir kommersielt tilgjengeleg. Også solceller og batteri vil gi bidrag til energibruken om bord.
- Det er også utvikla eit heilt nytt datastyringssystem som hjelper kapteinen å velje den til ei kvar tid beste kursen, slik at skipet alltid kjem fram til nøyaktig rett tid. Skipet kan opererast autonomt.
I utviklinga av skipet har Lade AS hatt tett samarbeid med norske og internasjonale selskap og forskingsinstitusjonar.
Reduksjon i utslepp
Første versjonen av Vindskip er eit bilskip med plass til 6 600 personbilar, fortel gründeren.
- Tanken er å tilby bilprodusentane mest mogeleg miljøvennleg frakt av elbilar over Atlanterhavet. Med ni rundturar mellom Europa og USA i året, blir utsleppa av svovel og NOx tilnærma null, og skipet sparer utslepp på 16 000 tonn CO2 pr. år samanlikna med dagens skip. Når biogass blir tilgjengeleg, vil årleg innsparing pr. skip bli på ca. 30 000 tonn CO2.
Vindskip oppfyller alle noverande og komande krav til den internasjonale skipsfarten om utsleppsreduksjonar.
Klar for bygging
- Når det første Vindskip blir bygd, blir det eit grønt utstillingsvindauge for norsk skipsutstyr. Skipet er klart for bygging så snart dei rette investorane og nødvendig finansiering kjem på plass. Det kan bety starten på eit nytt og miljøvennleg industrieventyr for Noreg. Designet kan også brukast til andre typar skip, som store passasjerferjer, cruisebåtar, ro-ro skip med mer, seier selskapet.
Prosjektet har fått støtte frå Innovasjon Noreg, Skattefunn, Ålesund kunnskapspark og Regionale Forskingsfond Midt-Norge.
Prisen blir delt ut i Frankfurt 7. februar 2020.