Innsatsen til Rover har ført til ny stilling på nytt skip

I januar i år gjekk Rover inn i stillinga som CDO.

Publisert Sist oppdatert

"Chief Dog Officer" Rover har no fungert i stillinga i omlag eit halvår på verdas største cruisesskip «Icon of the seas»

Reiarlaget Royal Caribbean kan no melda at ho har blitt eit høgt elska medlem i Royal Caribbean-familien, om bord på «Icon of the Seas». Her er ho kjend for sin muntre og venlege måte å spreia glede blandt gjestane.

Selskapet skriv til Skipsrevyen at det at ho var utpeikt som hundesjef passar Rovers leikne natur og evne til å samhandla med mennsker perfekt. Hennar hovudoppgåver er å saman med stabssjefen gå rundt på dekk og møta gjester, og gjera ferien lysar for alle om bord. 

Rover reiser no vekentleg til Karibien og når ho ikkje er på skipet, nyt ho havet på Royal Caribbeans private øy, Perfect Day at CocoCay, der ho elskar å leika i sanden. 

Vidare skriv reiarlaget at Rover sin innsats, og glede ho har gjeve gjestane, har gjort at Royal Caribbean sitt andre Icon-klasseskip, «Star of the seas» òg skal få ein Chief Dog Officer. Den nye sjefshunden skal heita Sailor, og vert ein del av mannskapet på det nye skipet til neste år.