Vann prestisjefylt EU-pris i Brussel
Maritime CleanTech med mange norske partnarar, stakk av med «Best Outreach Award» under EUs hydrogenveke i Brussel onsdag.
Maritime CleanTech sitt FLAGSHIPS-prosjekt vann prisen for arbeidet med å demonstrere verdas første hydrogenfartøy på elvar i Europa.
På scenen under EU Hydrogen Week i Brussel, blei arbeidet til FLAGSHIPS-samarbeidet hylla av Valerie Bouillon-Delporte, direktør i Clean Hydrogen Partnership:
– FLAGSHIPS går føre som eit godt eksempel ved å demonstrere potensialet til hydrogen og inspirere både samfunn og industri til å støtte berekraftig maritim transport verda over. Gratulerer med denne velfortente utmerkinga!
Banebrytande prosjekt viser grøne maritime løysingar
– Dette er ei stor ære, både for partnarane i prosjektet og for Maritime CleanTech som industrisamarbeid. Å sørga for at ny kunnskap og informasjon når ut til industrien og samfunnet er sentralt når me utviklar grøn teknologi og nye verdikjeder. EU gjer det mogleg for oss å utvikla og demonstrera reelle løysingar som kan bidra til utsleppskutt frå skipsfarten. Denne prisen er ei anerkjenning av det viktige arbeidet me gjer for å løfta fram potensialet i internasjonale marknader, seier Ada Jakobsen, administrerande direktør i Maritime CleanTech.
Med støtte frå EU banar FLAGSHIPS-prosjektet veg for ein ny æra med grøn skipsfart ved å drifta to hydrogen-drivne fartøy på Europas elver. H2Barge2, eit ombygd lastefartøy, seglar i dag på Rhinen mellom Rotterdam og Duisburg.
Nybygget Zulu 06 skal lanserast på Seinen i Paris 3. desember. Begge desse fartøya bruker hydrogen-PEM-brenselceller og batteriteknologi, og set nye standardar for utsleppsfri logistikk.
Saman med Maritime CleanTech har også bedrifter som ABB, LMG Marin, SEAM og Norled spela viktige roller i teknologiutviklinga.
– Gjennom FLAGSHIPS-samarbeidet banar me veg for utsleppsfri lastetransport på sjø. Me viser at hydrogen fungerer i stor skala. Ved å bevise dette i praktisk drift, legg vi grunnlaget for ei meir berekraftig framtid innan skipsfart. Eg er stolt over å sjå at desse teknologiløysingane vekker global interesse, seier Ada Jakobsen.
Stolte prisvinnarar
Direktør for marknadsutvikling i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte, var på plass i Brussel for å ta imot den ærefulle prisen onsdag kveld.
– Denne prisen er eit resultat av godt samarbeid mellom aktørar over heile Europa. Det er viktig å få fram bodskapen om at hydrogen fungerer til sjøs – det har samarbeida våre vist både når det gjeld flytande og komprimert hydrogen. Dette heng også saman med den pågåande oppskaleringa av produksjon av hydrogen langs kysten heime. Anerkjenninga frå EU gir oss ekstra motivasjon til å halda fram det viktige omstillingsarbeidet, seier Tvedte.