Ho likte dårleg å jobba åleine, men er den einaste tilsette i Europa

Hege Jacobsen har tatt på seg smilet for anledninga.

Pandemien førte med seg ein knekk for Hege Jacobsen, men dama med bein i nasen tok utfordringa, og tok det selskapet ho var då var dagleg leiar for eit steg vidare. Då hennar strategiske planar ikkje samsvara med resten av selskapet, var det tid for å gjera noko anna.

Publisert

No er ho “Head of Business Europe” i Mizzen Digital. Korleis ho hamna her må ein tilbake i tid for å finna ut.

Endringar

Ho er utdanna innan marknadsføring og har erfaring innan endringsleiing, rekruttering, IT og shipping. Kanskje ein noko utypisk samansetning, men den er gull verdt i bransjen ho er i no. 

For det ho no jobbar med er å få reiarar til å nytta plattforma “Beacon” og Port Cost Management-løysinga som Mizzen Digital har. Dette skal ikkje berre gjera kvardagen til operatørar, som handterer havneanløp, lettare – men det arkiverer alle data, slik at ein får tilgang på rapportar på kva ein gjer i tillegg til å spara reiarlaga for kostnader.

Kva kan ein gjera med dei?

Endringar. Noko det vert mykje av i tida framover. Med krav til ESG rapportar, kostnadsbesparelser, utslepp og så vidare, så er det om å gjera å ha tilgjengeleg så mykje live data som mogleg. 

Jacobsen fekk for 14 år sidan seg jobb i IT-systemleverandøren Dataloy Systems. Dei såg rett og slett etter nokon som ikkje var utviklar, noko som passa ho bra. Fokuset hennar blei å vidare byggje organisasjonen og interne rutinar, samstundes som ho støtta opp om kundar og sal.

Ho kan kundar, endring, forstår den maritime marknaden, kva som er viktig globalt mot det som er heime, kulturskilnader og kva verksemder treng når dei skal nytta IT-system kommersielt. 

Det tok berre eit par år før ho var dagleg leiar, og hadde hovudansvaret for skuta. 

Knekken

Men etter kvart kom det ein pandemi. Heimekontor og lite interaksjon med folk. Ein giftcocktail for Jacobsen på den tida. 

– Det takla eg ikkje så godt.

Ho trengde folk rundt seg på jobb, og daglege interaksjonar. Men under harde kår er det kreativiteten som rår. 

Kvifor ikkje laga eit økosystem av andre system som ligg rundt systemet ho sjølv jobba i? 

Konseptet var utvikla av Jacobsen, planar laga, research blei gjort for å identifisera kva system kundar nytta og planen vart sett ut i livet. 

Aktuelle Maritime IT selskap vart presentert for konseptet rundt økosystemet og fleire og fleire såg verdien av å vere med i økosystemet. 

Utviklarane hos dei respektive IT systema vart sett på saka, og lagde sin standard integrasjon inn mot systemet. 

Ho marknadsførte dette ut mot kundane og i løpet av tre år fekk ho sett i gong samarbeid med over 20 ulike selskap. 

Eitt av desse var Mizzen Digital.

Det var skremmande. Ansvar for born, hus og alt, men ingen sikker inntekt. Kva gjer eg no?

Hege Jacobsen

Det synte seg å funka bra, fortel ho. Med sine tankar om korleis ho skulle vidareutvikla økosystemet, vart det for vanskeleg å vera med når leiinga ikkje delte den same tanken.

– Me avtalte at me skulle skilja lag. Det var skremmande. Ansvar for born, hus og alt, men ingen sikker inntekt. Kva gjer eg no?

Åleine på kontinentet

HJacobsen Consulting vart svaret. Ho skulle byrja for seg sjølv.

Med brei erfaring og resultat å syna til, såg ho for seg at kompetansen ho så langt hadde tileigna seg kunne koma til nytte for andre. 

Likevel tok det ikkje lang tid før Mizzen Digital tok kontakt. Dei kjente til ho og hadde høyrt at ho ikkje lengre var i Dataloy. Ho fekk difor ein førespurnad om å vera deira “Champion i Europa”

– Eg var innstilt på det, men eg lurte først og fremst kva det betydde.

Tittelen hennar er no “Head of Business in Europe», eller ansvarleg for satsinga deira i Europa. 

Her er ho foreløpig einsam, og kollegaene hennar sit rundt om i verda, med hovudtyngda i Mumbai. Under “Breakbulk” i Rotterdam trefte ho sin kollega frå Dubai, så får ho med tida sjå når ho treff resten.

Korleis taklar ho “remote” arbeid, når ho sleit under pandemien? 

Med ein kombinasjon av heimekontor, kontorstad i ei kontorklyngje midt i smørauga av Bergen og hyppige møter på skjerm med kollegaer i tillegg til kundebesøk, går det fint fortel ho. Det ser ikkje verre ut heller, for ho smiler frå øyra til øyra når Skipsrevyen møter ho.

– Sjølv om eg hadde knekken i pandemien når eg ikkje var med folk, så tenkte eg oi, kva er det eg går til? Men det har gått overraskande fint. Eg trur mange tilsette som er på «satellittkontor» rundt om, kanskje treng ein slik kontorplass saman med andre. Sjølv om mange sikkert tykkjer det er greitt å ha heimekontor. Eg likar i alle fall at eg har begge, det er litt meir fleksibelt. 

Auka bruk av teknologi

Men pandemien lærte ikkje berre Jacobsen noko. Også bruken av teknologi auka på, også i det maritime, der ein er kjent for skepsis.

– Det har vore eit skifte. Den maritime næringa har blitt meir open og moden når det kjem til IT-system. Og dei ser at ein er avhengig av det. Du kan ikkje gjera alt manuelt lengre. Nye krav og reguleringar, særskild knytt til utslepp, gjer at det er naudsynt med meir data og rask tilgang på informasjon og rapportar. Du skal no vera effektiv, men det tyder ikkje at du skal køyra fortare. Du skal vera miljøeffektiv. Då er det naudsynt å ha kontroll på operasjonen sin med utslepp, og kunne rapportera inn korleis det går kommersielt. Og med effektive IT-system kan ein spara seg mykje tid i staden for å punche inn data i eit IT system manuelt. Det viktigaste er at ein kan laga gode planar, gjennomføre dei, ha oversikt til kvar ein tid og ha kontroll på at botnlinja er sunn. Det viktige er ikkje å putte inn data i eit IT system. Systemet skal vere et verktøy til nytte i jobbkvardagen- ikkje eit problem.

Men kva gjer Mizzen Digital? Deira slagord er «Terraforming the Maritime World». Målsetjinga er å ta fleire av dei kommersielle (og manuelle) prosessane ein har rundt kommersiell planlegging av havneanløp og liknande og gjera dei lettvinte og tilgjengelege for alle involverte i prosessen. Korleis gjer dei det? Det kjem litt an på kunden. 

– Det er litt slik eg gjorde når eg var endringskonsulent. Då eg byrja nye prosjekt gjorde me ei totalanalyse. Kven er kunden, kva prosessar gjer dei, kva treng dei og korleis vil dei at det skal fungera? Det er noko alle selskap bør gjera før ein tek i bruk eit nytt system. Kva er behovet og kva tilfører dette selskapet. 

I Mumbai

Mizzen Digital vart skipa i 2021 i Mumbai. Jacobsen trekk fram at det ikkje er eit IT-selskap som har sett eit hål i marknaden dei vil inn i, men personar med tung maritim bakgrunn som kjenner marknaden, prosessane og saman veit korleis dei kan løysa flokane. Namnet Mizzen er heller ikkje tilfeldig. Mizzen er aktermasta på eit seglskip, som er med å stabilisera skuta. 

“Port cost”

Hovudfokuset er no «port cost»-management. Det som elles kan ha vore ein noko rotete og kostbar prosess, ryddar Mizzen Digital opp i, ifølgje Jacobsen. 

Dei har og eigen betalingsløysing for tenester reiarlaget trenger å få utført om kundane ønsker å bruke denne, og oversikt over meir enn 60 000 agentar i verda i systemet. Her kan du samanlikna agentar, leverandørar av ulike tenester og setta dei opp mot kvarandre, og velja kven du sjølv vil bruka. 

Og i staden for å få faktura for besøk på ulike terminalar i ei hamn, får du ein heilskapleg faktura frå berre eitt samla hamnebesøk. Skal du gjere endringar etter at endeleg utbetaling er utført kan brukaren gjere dette sjølv. Dette skal både vera tidssparande og billigare.

Dei har fokus mot fraktsegmenta, med både små og store kundar. Jacobsen fortel at maritime IT system er kjent for å vere kostbare – med store investeringar. 

Mizzen Digital ynskjer å gjera det tilgjengeleg for alle, uansett storleik på flåten. 

– Målet er at ein med gode IT system, som forstår smertepunkt til dei som jobbar i desse, kan endre oppfatninga til noko positivt for brukarane.

Dei har blant anna to ISO-sertifiseringar, noko Jacobsen fortel er ein styrke inn i ein konservativ bransje. I tillegg er Mizzen Digital sertifiserte med GDPR, og SOC.

Anna innfall

Dei er ikkje åleine om ideen, men dei har ein litt annan innfallsvinkel enn konkurrentane, fortel Jacobsen.

– Me fakturerer ingenting i forkant for systemet, det er ein viktig ting. Så det er ikkje ei investering. Det viktigaste er at me gjer tilgjengeleg eit system som alle kan bruka, og du kan ha moglegheita til å kommunisera med agentar og leverandørar berre i dette. Alt skjer på same plass. 

– Er det ein risiko i business modellen her?

– Me følgjer konjunkturane til kundane. Når dei gjer det bra, gjer me det bra og omvendt. Dei vil nok og setta pris på å ikkje betala for tenester dei ikkje bruker når dei ligg nede, noko som kan vera bra for oss når dei kjem seg på beina att. 

Framover har dei fleire spanande prosjekt og tenester dei kjem til å tilby. Skipsrevyen kan stadfesta at dei vil vera nyttige i tida framover. 

– Det er fleire som er involvert i det, men me er ikkje heilt klare til å seia noko om det enno.