Måtte tilbake til kai etter røykutvikling
Klokka 14:01 melde Hovudredningssentralen (HRS) om at det var kontroll på brannen om bord skipet «Havila Polaris».
Vakthavande Per Hognaland stadfestar ovanfor Skipsrevyen at det har vore røyk- og varmeutvikling i akter maskinrom.
Det var 465 personar om bord der 68 var mannskap. Ingen er skadd.
Varme- og røykutviklinga fann stad når «Havila Polaris» var ute på sjøen, men fartøyet kom seg til land av eiga maskin, og ligg no ved kai i Stranda. Aller er komme seg av skipet
– Er det dramatikk knytt til hendinga?
– Ikkje i utgangspunktet, men det er klart at i alle slike samanhengar dreg me litt på, og sender nok ressursar.
Desse ressursane vart avblåst etter kvart som skipet var kommen til kai for eiga maskin.
HRS melder at dei opplever at det dei har hatt god kontroll om bord.
I ein pressemelding skriv Havila Kystruten at hendinga oppstod klokka 13:18, på veg inn Geirangerfjorden.
Det var då meldt om varmgang i framdriftssystemet på babord side. Det har ikkje vore snakk om branntilløp om bord, men sterk varmgang som utløyste kjøling og skumlegging av råka område, skriv selskapet.
Skipet gjekk til kai ved Stranda, der alle passasjerar og dessutan 30 i mannskapet gjekk i land.
Klokka 14:50 melder selskapet at skipet har fått førebels seglingstillatelse av DNV og Sjøfartsdirektoratet for å segla attende til Ålesund, der fartøyet vil leggja til kai på Storneskaia.