
Havila kjøper «Polarsyssel»
Havila Holding kjøper gjennom Havila Skipsinvest 2 «Polarsyssel» frå Fafnir Norway.
Havila skriv i ei pressemelding at «Polarsyssel» er Sysselmeisteren på Svalbard sitt tenestefartøy og ein viktig sikkerheits- og beredskapressurs på Svalbard. Skipet patruljerer i farvatna rundt Svalbard og gjennomfører inspeksjon og kontroll av skip og tilreisande, redningsoppdrag, miljøovervaking og oljeberedskap.
Skipet har vore eigd av Fafnir sidan det var nytt i 2014 og drifta av Havilagruppa sidan 2015. Det er rundt 20 personar som har arbeidsplassen sin om bord i «Polarsyssel». Overtakinga vil ikkje påverke desse.
Viktig bidrag til sikkerheit og beredskap
Styreleiar i Havila Holding, Njål Sævik, fortel Havila har drive skipet sidan 2015, og at det no var eit naturleg steg vidare å ta hand også om eigarskapen.
– Vi kjenner båt og mannskap og veit at dette er eit godt drifta og vedlikehalde skip som er godt tilrettelagt for ny kontrakt og ny teneste for Sysselmeisteren. Vi ser fram til å halde fram det gode samarbeidet og levere eit viktig bidrag til sikkerheit og beredskap rundt Svalbard, sier seier Holding i pressemeldinga.
Oppgradert skute
Det er inngått ny 5-årig kontrakt med Sysselmeisteren frå 1. januar 2026 med to årlege opsjonar i tillegg.
I samband med den nye kontrakten og tiårs-klassing var «Polarsyssel» nyleg gjennom ei større oppgradering med nytt helikopterdekk og ny kran akter som kan løfte om bord Fjordsyssel, arbeidsbåten til Sysselmeisteren. I tillegg er det mellom anna laga ny resepsjon og inngangsområde og nytt teknisk rom der heli-crew sitt utstyr er plassert og kan brukast når superpuma-helikopteret er om bord.
Bygge arbeidsplassar
Njål Sævik seier kjøpet av «Polarsyssel» er med på å bygge rederi- og offshoredelen av Havilagruppa vidare.
I fjor kjøpte Havila Volstad Maritime, som fekk namnet Havila Subsea & Renewables. I tillegg har ein dei siste åra bygd opp rederiet Havila Kystruten. Til saman utgjer dette nesten 1600 arbeidsplassar.
– Vi ser framover og kjøper «Polarsyssel» fordi det styrkar Havilagruppa og gjer at vi kan halde fram med det som er hovudmotivasjonen vår, bygge aktivitet og arbeidsplassar. I Havila skjer det med utgangspunkt i aktivitet på og ved havet.