Havila Kystruten har henta fleire hundre millionar
Havila Kystruten melde onsdag at dei vil henta mellom 250- 300 millionar kroner i ein retta emisjon.
Pengane skal nyttast for å sikra likviditet for drifta fram til turistsesongen neste år. I tilegg skal det sikra at dei har likviditet til å ikkje bryta med krav i samband med selskapets finansiering.
Havila Holding AS som eig 60,42 prosent av selskapet, førehandsforplikta seg til aksjar for 181,3 millionar kroner, går det fram i børsmeldinga onsdag.
Torsdag melde Finansavisen at emisjonen er overteikna og ei har no henta 300 millioner kroner gjennom tildeling av 25 millionar aksjar til 12 kroner stykk.
Emisjonen vart overteikna av eksiterande og nye investorar.