Jan Magne Goksøyr, Salsdirektør i HAV Design, presenterer for NTNU sudenter_2024.

Maritim student-storsatsing frå sunnmørsbedrifter

Ei rekkje bedrifter frå den maritime klynga går saman om eit stort arrangement for å posisjonere Sunnmøre som ein spennande stad å arbeide for nyutdanna studentar.

I ei pressemelding frå HAV Group går det fram at nærmare 150 NTNU-studentar skal delta på arrangementet, som går av stabelen 20.–21. mars i år og inkluderer besøk til Molde, Ulsteinvik, Ålesund og Fosnavåg.

Initiativet vart gjennomført for første gong i fjor, med strålande tilbakemeldingar frå deltakarar og vertsselskap, går det fram av pressemeldinga.

– Vi har difor auka ambisjonsnivået i år. I fjor hadde vi rundt 50 deltakarar, medan vi i år ventar nærmare 150, seier HR-direktør i HAV Group ASA, Frank-Levi Kvalsund, som tok initiativ til fjorårets arrangement, i pressemeldinga.

Arrangementet er eit samarbeid mellom ei rekkje sunnmørsbedrifter, inkludert Brunvoll, DNV, Havila Kystruten, Havila Shipping, HAV Group, Marin Teknikk, MMC First Process, Olympic Subsea, Rem Offshore, Ulstein Group og Vard.

– Den maritime næringa på Sunnmøre lever etter prinsippet «samarbeid når du kan, og konkurrer når du må». At vi i fellesskap kan samarbeide både for å behalde dei som alt er i regionen, og for å tiltrekkje oss kvalifisert arbeidskraft til Sunnmøre, er ei styrke for den maritime klynga vår, legg Frank-Levi Kvalsund til.

NTNU får omvising om bord Havila Kystruten i 2024.

Molde, Ulsteinvik og Fosnavåg

Torsdag 20. mars kjem 50 studentar frå masterstudiet i Marin Teknikk ved NTNU i Trondheim med Havila Kystruten til Molde. Her skal dei besøkje Brunvoll før dei tek buss vidare til bedriftsbesøk hos Ulstein Verft i Ulsteinvik.

Dagen etter, fredag 21. mars, vil dei 50 studentane frå Trondheim, saman med rundt 100 studentar frå NTNU Ålesund, reise til Fosnavåg for ein heil dag med fagleg påfyll. Der skal dei delta på ein konferanse med den fengande tittelen «Sea the Future, Career Conference 2025», som blir arrangert i Fosnavåg Konserthus.

 På laget

Herøy kommune og Thon Hotel Fosnavåg er òg med på laget.

I Fosnavåg vil studentane få presentasjonar frå bransjetoppar som Lars Conradi Andersen (Rem Offshore), Stig Remøy (Olympic Subsea), Tore Ulstein (Ulstein Group), Kjetil Clementsen (Vard) og Gunnar Larsen (HAV Group), og dessutan bedriftspresentasjonar frå dei lokale selskapa som deltek i initiativet. Det blir òg panelsamtalar, mingling og nettverksbygging, og dessutan kulturelle innslag.

I tillegg kjem Lene Trude Solheim frå NHO, Kirsti Slotsvik frå ÅKP, Gunvor Ulstein frå Ulstein Group, Siv Remøy-Vangen, administrerande direktør i HAV Group-selskapet Norwegian Electric Systems, Njål Sævik frå Havila Shipping, Lars Erling Krogh frå MMC FP, Jarl-Åge Vågsholm frå Marin Teknikk, og Marthe Outzen frå Brunvoll.