Er ferdig med berekraftige ombyggingar av offshorefartøy
Green Yard Kleven har fullført og levert to ombyggingsprosjekt for den brasilianske reiaren Oceanica.
«Oceanicasub Vlll» og «Oceanicasub lX» har blitt bygd om frå offshore forsyningsfartøy til avanserte offshorefartøy for ROV- og kranoperasjonar.
– Begge ombyggingsprosjekta var i stor grad basert på gjenbrukt utstyr og fokus på berekraft etter ynskje frå reiar, noko som er midt i blinken for vår aktivitet. Vår erfaring frå både nybygg, retrofit og resirkulering av skip kom godt til nytte i prosjekta, fortel Karl Johan Barstad, Sales Manager Retrofit i Green Yard Kleven.
Nybygde og oppgraderte
Green Yard Kleven har bygd nye messanindekk for operasjon av miniubåtar, sokalla ROV system, med tilhøyrande kontrollrom og kontor for operatørane på begge skipa.
– Gjennom vårt kontaktnett ute i verda har vi funne brukte offshore-kraner som er sende til verftet. Kranene er oppdaterte til dagens standard, og har mange år igjen med bruk, fortel Barstad.
Sterkt fokus på berekraft
Viktige element for å oppnå stor grad av berekraft er å forlengja levetida for skipet er overhaling og reparasjon av eksisterande utstyr, installasjon av brukt utstyr og gjenbruk av interiør og møblar frå resirkulerte skip.
Skipa var kopla til landstraum frå fornybare kilder gjennom prosjektet.
– Det er òg ei økonomisk oppside ved gjenbruk av utstyr for både reiar og verft, samstundes betrar det prosjektet si miljøpåverknad og fotavtrykk betydeleg. Vi opplever ei aukande interesse for denne typen prosjekt i tillegg til hybridisering og andre energieffektive system som kan ettermonterast, forklarer Barstad.
Reaktivering og klassing
Innreiinga på skipa er utvida med ekstra kapasitet for mannskap, utvida messe, møterom, gym og kontorfasilitetar.
Green Yard Kleven har også bistått med reaktivering og klassing av skipa, som begge vart tekne ut av opplag og solgt frå to ulike reiarar i forbindelse med prosjektet. Dokking av skipa har blitt utført hjå dokkverft Green Yard Kleven samarbeider med.
– Reiaren har uttrykt at dei er svært godt fornøgd med samarbeidet mellom Green Yard Kleven, Marin Teknikk og DNV, samt nærheita ein har til alle utstyrsleverandørene her i området i den maritime klynga vår, seier Rickard K. Gjerde, Sales Director og Senior Naval Architect for Marin Teknikk.
Flytta ombyggingane frå Brasil til Green Yard Kleven
Ombyggingane på dei to skipa har vore like, og har blitt utført i nært samarbeid med skipsreiar Oceanica og designer Marin Teknikk.
– Når Oceanica møtte oss sist sommar for å få tegna om båtane dei hadde kjøpt, så tenkte dei i utgangspunktet å utføre sjølve ombyggingsjobbane i Brasil. Sett i lys av den korte tida dei hadde på å få utført arbeidet, samt utfordingar med logistikk av diverse utstyr, anbefalte vi på det sterkaste at prosjekta blei gjort på verft i Norge, fortel Gjerde.
Green Yard Kleven blei kontakta, og etter kort tid var avtalane på plass.
– Verftet har vore fleksibelt og levert effektivt og særdeles godt utført arbeid etter avtalt tid og pris, seier Gjerde.
Eit tredje prosjekt for Oceanica
Green Yard Kleven har for tida også eit tredje prosjekt i arbeid for Oceanica, «Oceanicasub Xl», og ser fram til fortsatt godt samarbeid og fleire prosjekt i tida framover.
– Vi er stolte og glade for disse oppdraga – det har vore spanande å samarbeide med ein reiar og eit designselskap som har eit bevisst fokus på berekraft. Vi ønsker begge skip med mannskap hell og lykke på oppdraga utanfor kysten av Brasil, avsluttar Barstad.