Vil kjøpa GC Rieber Shipping
GC Rieber har lagt in bod på dei resterande aksjane i GC Rieber Shipping.
Det går fram i ei børs melding måndags morgon.
I dag eig GC Rieber 76, 8 prosent av selskapet. Bodet er på 8,8 kroner per aksje. Prisen på askjen ved sluttkurs fredag var 4,91 kroner per aksje.
Bodet er 79 prosent over dagens pris, ifølgje E24
Allereie er 12 millionar aksjer forhandsakseptert. Dei har dermed fått kontroll på 91,56 prosent av aksjane i selskapet, og nådd villkåret om 90 prosent.
Det gjer at dei no kan tvangsutløysa resterande aksjonærar.