Fugro vel Ulstein for redesign og ombygging av fartøy
Fugro sikrar langsiktig kapasitet i den globale offshoremarknaden for fornybar energi ved å konvertere «Fugro Resilience» og «Topaz Endurance», to plattformforsyningsfartøy (PSV-ar) av ULSTEIN PX121-designet, til geotekniske fartøy. Ulstein Design & Solutions AS har fått kontrakt på å redesigne skipa, og den 22. september skreiv Fugro kontrakt med Ulstein Verft på ombygginga av Fugro Resilience.
Det fleksible PX121-designet har vore tatt i bruk på 30 fartøy til no, og desse to skipa vart bygde i 2015. Gjennom å vidareutvikle skipa til geoteknisk fartøy, får Fugro frigjort potensialet og får dei tilpassa dei spesifikke krava i havvindsektoren, heiter det i ei pressemelding.
Redesigna skipa
Ulstein Design & Solutions har hatt jobben med designoppdateringane, der engineeringsteamet mellom anna har levert dei naudsynte styrkeberekningane og planar for ombyggingsarbeidet.
Roy Lindset, salssjef service og ettermarknad i Ulstein Design & Solutions, utdjupar at fartøya vil bli tilpassa for geotekniske boretårn og naudsynt utstyr. Eitt av fartøya får også justert overnattingskapasiteten med seks nye lugarar.
- Vi er takksame for denne moglegheita til å samarbeide med Fugro. Vi set pris på å jobbe med å forlenge levetida til eit fartøy og gjere det relevant for bruk i nye marknader. Ulstein har ressursane og fasilitetane til å dekke heile prosessen frå start til slutt, seier Lindset.
Ombyggingskontrakt til Ulstein Verft
Fredag skreiv Fugro kontrakt med Ulstein Verft på ombygginga av «Fugro Resilience».
- Vi startar på dette prosjektet med det same og arbeider no med engineering, prefabrikasjon og innkjøp. Hovudparten av ombyggingsarbeidet vil vere å sette inn ein moonpool og bygge fundamentet for eit geoteknisk boretårn og ei A-ramme, seier Roy Moldskred, prosjektleiar i Ulstein Verft.
Dei fleste fagområda ved Ulstein Verft er involverte i ombyggingsprosjektet.
- Når både redesignet og ombygginga vert utført innan selskapa i Ulstein Group får vi sikra effektiv prosjektleiing, og vi har utstrekt kompetanse innan alle disiplinane våre inkludert design, power-løysingar og skipsbygging, seier Martin Sundgot Hansen, som er salssjef ettermarknad i Ulstein Verft.
Gjenbruk sikrar langsiktig kapasitet i den globale havvindmarknaden
Den maritime industrien står overfor utfordringa med å tilby fartøy som kan møte dei aukande krava til offshore-fornybarmarknaden. Spesialiserte fartøy er naudsynte for å støtte bygging, vedlikehald og drift av vindparkar til havs. Å bygge nye fartøy frå botnen av kan vere tidkrevjande, og det kan oppstå eit behov for kostnadseffektive, berekraftige og raske løysingar for å sikre langsiktig kapasitet. Gjennom fartøysombyggingar kan den maritime industrien effektivt gjenbruke eksisterande fartøy, noko som sparer tid og ressursar, og nettopp dette er tilfellet for Fugro.
Samarbeidet mellom Fugro og Ulstein er i tråd med berekraftsmåla ved å redusere avfall, minimere miljøpåverknaden og fremje ein sirkulær økonomi innan maritim sektor.
Redesignet av dei to PX121 PSV-fartøya er eit eksempel på kva moglegheiter og fordelar som retrofit gir for seglande flåte.