MF «Ole Bull» blir ein del av Fjord1

Fjord1 har kjøpt Osterøy ferjeselskap

Fjord1 styrkar marknadsposisjonen gjennom oppkjøp av Osterøy ferjeselskap.

Fjord1 har fullført oppkjøpet av Osterøy Ferjeselskap, eit viktig steg i selskapet sin strategi for framtidig vekst og styrking av posisjonen i marknaden, heiter det i ei pressemelding.

Oppkjøpet inkluderer 100 prosent av aksjane i selskapet, og generalforsamling med val av nytt styre vart gjennomført onsdag.

Osterøy ferjeselskap har sidan stiftinga 1. desember 2003 trafikkert sambandet Breistein–Valestrand, og driftar dei to fartøya MF «Ole Bull »og MS «Ospenes». 

Tilfreds

Forretningsutviklar i Fjord1 og styreleiar i Osterøy ferjeselskap, Tor Vidar Kittang, er tilfreds med oppkjøpet.

Selskapet har 10 faste tilsette og har opparbeidd seg eit godt rykte for påliteleg teneste. Frå nyttår startar ein ny kontrakt på vegne av Skyss som varer til 1. desember 2027.

Forretningsutviklar i Fjord1 og styreleiar i Osterøy ferjeselskap, Tor Vidar Kittang, er tilfreds med oppkjøpet:

– Osterøy Ferjeselskap representerer eit samband som ligg nært våre eksisterande ruter og er ein naturleg del av Fjord1 sin portefølje. Dette oppkjøpet er i tråd med vår strategi om å sikre framtidig vekst og utvikling i marknaden.

Med oppkjøpet legg Fjord1 til grunn at dagens drift og leiing i Osterøy ferjeselskap vert vidareført utan endringar, noko som sikrar kontinuitet for både passasjerar og mannskap.