Nymalt bløggebåt skal leverast i april
Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) nærmar seg sin tiande bløggebåt.
I helga som var lufta Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) den nymalte FMV51 «Volt Harvest III».
Båten er av HFMVP42-500 design, og er den tredje og største prosessbåten FMV leverar til Volt Service AS.
Design
Designet har stort fokus på fiskevelferd, fiskekvalitet, driftseffektivitet og reduksjon av utslepp.
Båten er 42,7 meter lang, 10,2 meter brei og 4,8 meter djup. Fartøyet får ein slaktekapasitet på 100 tonn i timen og kan frakta 400 tonn bløgga fisk.
Klima
Maskinkonfigurasjon og ei optimalisert skrogform skal sikra lågt klima-avtrykk. Fartøyet kan òg segla med kun batteridrift i fleire timar.
FMV51 er den tiande bløggebåten FMV designar og byggjer på omlag 4 år. Av desse er ni bygd komplett på Fitjar. Noko dei hevdar gir god prosjektgjennomføring og sikrar innføring av det siste innan teknologi og høg kvalitet i arbeidsutføring.
Det same gjeld denne. Den er planlagt levert april 2023.