
Han er ny styreleiar i Fiskebåt
Christian Strand Halstensen (50) frå Bekkjarvik er valt til ny styreleiar i Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon.
– Fiskeflåten står framfor mange store utfordringar. Det blir difor viktig å arbeide for forutsigbarheit og stabilitet både i lovgiving og rammeverk, seier Halstensen i ei pressemelding.
Christian Strand Halstensen tar over leiarvervet etter Jonny Berfjord som går av etter åtte år som styreleiar i Fiskebåt.
Halstensen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1999, og har deretter jobba i familiereiarlaget. Halstensenreiarlaget har fartøy både innan pelagisk- og kvitfisksektoren.
Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for den havgåande fiskeflåten. Det er rundt 200 medlemsfartøy i organisasjonen, som er ein aktiv pådrivar i politiske prosessar.