Tilsynelatande ei normal ferjekai, men Magerholm ferjekai er proppfull av små sensorar som måler slitasjen på kaia på grunn av ferjeanløp, ver og vind.

Ei ferjekai proppfull av sensorar

Magerholm ferjekai er full av sensorar og teknologi som skal gi svar på korleis vi på ein smartare måte kan ta vare på kaianlegg som er utsett for sterke krefter.

Publisert Sist oppdatert

Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og NTNU, har fått namnet Magerholm forskingskai. Det er nettopp det kaia i Ålesund kommune er; ei kai som òg blir brukt for å forske på korleis kreftene påverkar kaikonstruksjonane. Forskingsprosjektet ser på korleis data kan bli brukt til å forlenge levetida på kaiene og drive smartare med vedlikehald. 

-Denne kaia er full av veldig sensitive sensorar som fangar opp endringar i konstruksjonen som følgje av skadar, som korrosjon, sprekkdanningar, lause boltar osv., eller som følgje av påkjenningar frå ferjer, bølgjer, ver og vind, seier Ingrid Anne Lervik, bru- og kaiforvaltar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

-Vil utvikle fleire metodar for overvaking 

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom ingeniørar hos Møre og Romsdal fylkeskommune og eit forskarteam hos NTNU. Forskarteamet brukar eit dataloggingssystem som samlar data frå sensorane, og nyttar dette til å identifisere skade på konstruksjonane. 

- Dette er eit spanande prosjekt som kan gje oss mykje nyttig kunnskap knytt til korleis vi forvaltar kaiene våre, meiner Ingrid Anne Lervik, bru- og kaiforvaltar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

-Vår felles målsetting med dette er å utvikle fleire metodar for å overvake tilstand på kaikonstruksjonar, og for å måle effekten av dei vedlikehaldsarbeida vi gjer, seier Lervik. 

Lervik vart kontakta av NTNU Ålesund og avdeling for byggteknikk tilbake i 2021. Dei ønska å få med Møre og Romsdal fylkeskommune som partnar i ein søknad til Regionalt forskingsfond, som omhandla bruk av tilstandsovervaking for å måle effekt av rehabilitering. Etter dette har samarbeidet fortsett, og fylkeskommunen har vore samarbeidspartner på fleire av NTNUs forskingssøknader.

Ønsker å forstå kreftene 

Saman med NTNU har dei diskutert moglege bru- og kaikonstruksjonar dei kan overvake over fleire år, som er utsette for ver, bølgjer, vind, snø, flaum osv., som er kritiske om ein må stenge.

-Møre og Romsdal har mange ferjekaier og under samarbeidet med NTNU har vi spilt inn at det er interessant for oss sidan vi ønsker å forstå kreftene som verker på tilleggskaier og ferjekaibruer. Håpet er at dette skal gje oss betre løysingar for korleis vi designar og bygger desse konstruksjonane, og at vi kan utnytte restlevetida best mogleg for kaiene, seier Lervik. 

Torodd Skjerve Nord, Førsteamanuensis ved institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU, seier aktørane i prosjektet drar nytte av kvarandre sin kompetanse.

-Vi lærer oss korleis vêr, tidevatn og operasjon av ferja påverkar kaikonstruksjonen, slik at vi kan skilje ut og kjenne igjen signaturar i sensorsignal som tyder på skade av konstruksjonen. Vi er også avhengige av å forstå kva delar av kaikonstruksjonen som treng vedlikehald ofte, og denne kunnskapen sit ingeniørane til Møre og Romsdal fylkeskommune og entreprenøren på. Derfor er forskinga til NTNU heilt avhengig av erfaringa gjort gjennom inspeksjons- og vedlikehaldsprogramma til fylkeskommunen, seier Skjerve Nord.

Prosjektet er ei stor satsing frå NTNU, basert på innspel frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I tillegg til å bruke 1,5 millionar på instrumentering, legg NTNU betydelege ressursar i dette gjennom at mellom anna to stipendiatar arbeider med prosjektet. 

Sykkylven–Magerholm er eit ferjesamband på fylkesveg 60 over Storfjorden, mellom Aursneset ferjekai i Sykkylven og Magerholm ferjekai i Ålesund. Strekninga er drive av Fjord1. 

Frå installasjon av sensorar på kaikonstruksjon.