Skal byggja to nye trålarar
Dei nye fartøya ventas å bli levert i andre kvartal 2026.
Reiarlaget Faroe Origin frå Runavik på Færøyane har inngått kontrakt med Karstensens Skibsværft A/S om bygging av 2 nye 44,1 meter lange trålarar.
Dei vil med dette rusta seg for framtidas standarar, skriv selskapet i ei pressemelding.
Dei nye fartøya vert topp moderne, med alt det nyaste innanfor maskineri, utstyr og utrustning, skriv dei, utan å syna til konkrete eksempel.
Eit nært og intenst samarbeid mellom reiarlag og verft er årsaka til at prosjektet vert sett i gong. Reiarlaget og verftet sine rådgjevarar og bankforbindelsar har bidreg til ein effektiv slutningsprosess, går det fram i pressemeldinga.
Faroe Origin vart etablert i 2011, og har to fabrikkar på land i Runavik og Toftir. Etter eit nyleg sal av to trålarar er reiarlagets flåte på fire skip, men skal auka til seks med desse to fartøya.
Moderselskapet Framherji og Varðin er til liks med Faroe Origin tilfreds med moglegheiten for å få byggja nye skip i tett samarbeid med Karstensens Skibsværft.
Karstensens Skibsværft er audmjuke og glade for lojaliteten og tilliten som Faroe Origin syner ved å kontrahera skipa i Skagen.
Design, innreiing og tilrettelegging er gjort i tett samarbeid mellom reiarlag og verft. Reiarlaget har vore opptekne av innovative og optimaliserte løysingar, basert på mange års erfaring med drift av dagens flåte av hekktrålarar, skriv dei.
På fartøya er det særskild vektlagt å optimalisera arbeidsforhold, sikkerheit og komfort for mannskapet
Heile konseptet er nøye vurdert og rekna ut i frå selskapet sin eksakte driftsprofil. Reiarlagets uttala mål er å driva berekraftig fiske med minimalt NOX/CO2-utslepp per kilo fanga fisk. Dette har resultert i ein gjenomtenkt kombinasjon av nye løysingar og utprøvde opplegg, som til saman gjev det mest økonomiske klimaoptimaliserte prosjektet, skriv dei.
Fartøyet skal og ha ein avansert fabrikkløysing, og frysekapasitet på opptil 40 tonn per dag. Det vert og siloanlegg og tankar.
Når det kjem til val av leverandørar og komponenetar skal ei rekke av desse veljast i veka som kjem.
Les også:
-
Nye «Gollenes» klar i tide
Lørdag 1. april skal nye «Gollenes» døpes. - Alt har gått etter planen, sier reder Frode Kvalsvik.
-
Wärtsilä styrker posisjonen innen fiskeri
Wärtsilä skal levere fremdriftsmaskineriet til fire nye fiskefartøy som bygges hos Karstensens Skibsværft i Danmark. Ordrene befester konsernets ledende posisjon innen fremdriftsløsninger for fiskerisektoren, og styrker selskapets nære forhold til Karstensens-verftet ytterligere.
-
Ny kontrakt til PE Bjørdal
PE Bjørdal har fått kontrakten på å levere fabrikk for LHN Fiskeri sitt nye fartøy «K Nyvoll» tidligere «Unity» som bygges om på Karstensen Skipsverft.
-
Gjennombrudd for Karstensen på Island
Rederiene Samherji Island og Sildarvinnslan har bekreftet ordrer for to identiske trålere på 88 meter fra Karstensen Shipyard.
-
Karstensens bygger ny «Strand Senior»