«Leinebris»

Ny fiskebåtkontrakt til Evotec

Entec-verksemda Evotec har vunne kontrakten om å levera komplett vinsjpakke til den norske fiskebåten «Leinebris», skriv Entec Evotec i ei pressmelding.

Nye «Leinebris» vert det første fartøyet som kombinerar både line, snurrvad og garn. Nybygget er planlagt levert i 2025. Båten er designa av Skipstekniske og skal byggjast på Tersan Shipyard i Tyrkia

Hovuddata:

  • Namn: M/S «Leinebris»
  • Byggenummer: NB111
  • Design: Skipsteknisk AS
  • Verft: Tersan Shipyard
  • Lengde: 64,9 meter

  • Bredde: 15 meter

  • Fremdrift: Diesel-elektrisk

  • Thruster: PU115 azimut og AR63 opptrekkbar azimuth combi thruster
  • Styresystem: BrunCon PTC og BrunCon JS med Position Hold og Brunnvol Fishpilot system.

– Me ynskjer å fiske for framtida, og ta vare på dei ressursane me har på best mogleg måte. Då må me både tenkja nytt og byggja nytt, seier Paul Harald Leinebø.

Nybygget vert eit kombifartøy for reiarlaget Leinebris.

– Det har særleg vorte fokusert på å nyttegjera all energi som vert produsert om bord, og valet landa på Evotec sidan båten er utrusta med elektrisk dekksutstyr og vinsjar. Evotec sine løysningar har akkurat den teknologien, som er både framtidsretta og bererkraftig, som me har, og som passar oss i Leinebris, held Leinebø fram.

Evotec skriv i pressemeldinga at dei er berekraftige gjennom redusert energiforbruk, redusert vekt, og regenerering av energi. Dei skriv vidare at dei leverar marknaden sine mest plass- og vektbesparande elektriske vinsjar og handteringsutstyr.

– Våre komptakte løysingar med lav vekt er vesentleg for Leinebris, som skal kombinera ulike reiskap. Etter ein grundig prosess er det gledleg at Leinebris valde oss som leverandør, ein norsk lokal leverandør. Vår satsing innan fiskeri har treft marknaden godt. No har me fem fartøy i drift, og 12 i produksjon, seier salssjef for Fiskeri i Evotec AS, Håkon Woldsund.