Elevane fotografert på helikopterdekket.

Elevar fekk oppleve maritim berekraft i praksis

Korleis jobbar eigentleg den maritime industrien med berekraft og teknologi? Det var utgangspunktet då 80 yrkesfagselevar frå Herøy og Haram vidaregåande skular tok turen frå klasseromma og ut på verfta for å lære.

Besøk ved Green Yard Kleven og Vard Søviknes har gitt elevane kunnskap om den maritime næringa i Møre og Romsdal, og kvifor bedrifter tek berekraft på alvor, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

– Det har vore veldig kjekt og interessant å besøke desse verfta. Både for å sjå kva dei jobbar med, men også høyre meir om kvifor dei er så miljøbevisste, seier elevane Karl Inge Yri Brandal og Adomas Gedaudas. 

Dei går begge Vg1 teknologi- og industrifag ved Herøy vidaregåande skule. Ei utdanning som fort kan ende med både læreplass og vidare karriere innanfor den maritime næringa. 

Elevane Ask Korsnes og Live Tysnes ved Haram vidaregåande skole seier at dei har lært en del nytt på verftsbesøka.

– Dette har vore eit lærerikt opplegg for elevane. No har dei fått førstehandskunnskap om korleis og kvifor nokre av våre fremste maritime aktørar jobbar med berekraft. Me er veldig glade for bedriftene tar imot oss på denne måten og gir elevane ei større fagleg forståing, seier rektor ved Haram vidaregåande skole, Håkon Sæterøy.

Berekraft i læreplanen 

Gjennom Kunnskapsløftet 2020 blei berekraftig utvikling tatt inn som eit tverrgåande tema i alle yrkesfaga. Målet er å bevisstgjere elevane på reduksjon av miljøavtrykk og samanhengen mellom berekraft og teknologiutvikling.

– Det er viktig at elevane får sjå at berekraft er meir enn eit begrep, men noko som bedriftene aktivt jobbar med og ser moglegheiter innanfor, seier Sæterøy. 

Og nettopp tittelen «Berekraft er vår forretningsmodell» var første slide då elevane besøkte Green Yard Kleven i Ulsteinvik i slutten av mars. Dei er eit såkalla livsløpsverft som tilbyr alle typar verftstenester, med stort fokus på berekraft. Det gjeld ikkje berre for industriproduksjon, men også viktig er både økonomisk og sosial berekraft. Under besøket fekk elevane både høyre og sjå korleis eit livsløpsverft eigentleg ser ut.

Havvind og drivstoff for framtida 

Førre veke gjekk turen til Vard og deira verft i Søviknes på Nordre Sunnmøre. Her fekk elevane høyre meir om kva skipsbyggarane i Vard tenker rundt miljøutslepp og val av drivstoff i framtida. Ålesundsrederiet Norwind Offshore var også til stede. Dei satsar tungt innanfor offshore vind, og har bestilt fleire skip som Vard har bygd. I tillegg til foredrag, fekk elevane ei omvising om bord på NB 973, eit skip Vard no bygger på oppdrag frå Purus. 

– Det har vore eit spennande opplegg, særleg å få være om bord på skipet, seier elevane Ask Korsnes og Live Tysnes ved Haram vidaregåande skole.

Dei seier dei lærte ein del nytt i løpet av dagane, inkludert kor viktig det er å ha ei maritim klynge der bedrifter samarbeider. Ei framtidig karriere innanfor skipsbygging var dei framleis litt usikker på, men opplegget hadde i alle fall vist ei framtidsretta næring.

Elevar på besøk ved Green Yard Kleven.

Eramus+ prosjekt 

Undervisningsopplegget er ein del Erasmus+ prosjekt LeaderSHIP, der fylkeskommunen deltek. I prosjektet samarbeider 19 partnarar frå åtte europeiske land om framtidas kompetanse for morgondagens skipsbyggarar. Digitalisering og grøn omstilling står sentralt i prosjektet, der også Maritim Foreining Søre Sunnmøre (Mafoss) deltek frå Norge.

– Samarbeid mellom utdanningane og næringslivet er særs viktig for å dekke behovet for kompetanse i framtida. Vi veit vi treng mange kvalifiserte fagarbeidarar i regionen i åra som kjem, ikkje minst innanfor den maritime næringa. Erasmus+ LeaderSHIP og det opplegget elevane har vore med på, gir dei meir fagleg forståing om kor bransjen er på veg. I tillegg vil opplegget kunne styrke rekrutteringa, seier dagleg leiar i Mafoss, Jan Thormodsæter.