Dimeq signerer intensjonsavtale for testing av sikkerheitssystem

Dimeq har signert ein intensjonsavtale med Vestfart AS for testing av sikkerheitssystemet Eye-D.

Dimeq utviklar og leverer sikkerheitsutstyr innan den maritime sektoren for å lokalisere personell om bord på skip og plattformar. Dei har utvikla eit reeltid posisjoneringssystem til å detektere og lokalisere mannskap som detter over bord eller er i en nødssituasjon.

Innbygd i armband

Teknologien er bygd inn i eit armband som mannskapet har på seg døgnet rundt, og kommuniserer med server og sensorar som blir installert rundt båten. Systemet viser berre posisjon i sanntid når det er nødssituasjon.

Rederiet Vestfart AS eig ringnotbåten «Vestfart» på 64 meter. Rederiet har tilhøyrigheit til Bremanger, der Dimeq også har kontor. Det er planlagt installasjon av Eye-D på fartøyet i midten av juli og vil bli testa om bord på «Vestfart». Resultata av testinga vil vere viktig for vidare utvikling av sikkerheitssystemet til Dimeq.

- For oss er det viktig å få testa systemet i reelle situasjonar og få nyttige tilbakemeldingar som kan bidra til eit betre produkt. Dette er spesielt viktig no som regjeringa ser på nye reguleringar for sikkerheit ombord på fiskefartøy, seier Ronny Bakke, dagleg leiar i Dimeq.

Leitar etter fleire fartøy

I tillegg til intensjonsavtalen med «Vestfart», jobbar Dimeq med å finne fleire testfartøy for sikkerheitssystemet.

- Vi er i ein sonderingsfase og leitar etter forskjellige fartøy som kan sjå nytten av vårt system. Ytterlegare ser vi på implementering av våre sikkerheitssystem i andre maritime næringar som til oppdrettsnæringa som har merder og arbeidsbåtar. Spesielt her er det viktig å få dialog med næringa om dei tekniske aspekta slik at det blir tilpassa best mogleg, avsluttar Bakke.