Vard får tildelt 38 millionar i stønad til grønare maritime havvind operasjonar
Ei konkurransedyktig og grøn verdikjede er nødvendig for å støtte dei maritime operasjonane ved havvindparkane. Denne uka tildelte den norske regjeringa Vard Group med partnarar 38 millionar kroner for å utvikle framtidas offshore ladeløysingar for nullutsleppsoperasjonar.
Støtteordninga Grøn Plattform siktar på å akselerere utviklinga av grøn industri i Noreg. I dag lanserte Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) dei nye prosjekta under ein pressekonferanse i Oslo:
– Me held på med den største omstillinga av norsk økonomi nokonsinne. Alt skal bli grønare. Det er private bedrifter som skal leie an i den omstillinga, med det offentlige som supportar, seier Vestre.
Ocean Charger – energioverføring til havs
Med havvind og nullutsleppsløysingar i tankane, var Vard og resten av partnarane i Ocean Charger ein perfekt match til utlysinga. I dette prosjektet vil ein utvikle ei maritime verdikjede for offshore vind med offshore energioverføring.
Saman med eit sterkt konsortium beståande av industri- og forskingspartnarar, vil Vard leie vegen frå forsking til testing, validering og kommersialisering av nye tekniske løysingar for energioverføring til batteridrivne fartøy i felta.
– Me vart svært glade for å høyre nyheita, og nøgde med å sjå at viktigheita av prosjektet vart anerkjent. Havvindsindustrien blir stadig meir viktig, ikkje berre for overgangen til grøn energi, men for nasjonal verdiskaping. Med vårt leiande og erfarne team vil me evaluere ulike løysingar og forretningsmodellar for å levere grøn energi til ulike fartøy som opererer i vindparkane. Sidan denne marknaden veks fort, ser me ei unik moglegheit for Noreg til å bli den leiande leverandøren, seier Håvard Vollset Lien, VP of Research & Innovation i Vard Group.
Mogleg for fyrste gong
I dei kommande åra vil ein ny, berekraftig infrastruktur bli utvikla og bygd ut for havvindindustrien i Noreg. Basert på utviklinga i andre segmenter, har batteri vist seg å vera den mest brukte teknologien for låg- og nullutsleppsfartøy. Batteriteknologi utgjer difor grunnlaget i utviklinga av Ocean Charger-prosjektet.
– Gjennom dette prosjektet vil null-utslepp for vedvarande operasjonar på norsk sokkel for fyrste gong bli gjort mogleg, seier leiar for innovasjon og prosjektutvikling i Maritime CleanTech, Øystein Huglen.
Ved å kople fartøy til straumnettet i vindparken og lade batteria regelmessig ute på feltet der dei opererer, vil operasjonsprofilen for utsleppsfri drift av havvindfartøy bli utvida. Målet er operasjonar på feltet utan bruk av andre energikjelder.
Eit bredt forsknings- og industripartnarskap
Prosjektet vil ha oppstart i 2023, og ein varigheit på tre år.
Vard Design vil leie arbeidet saman med søsterselskapa Seaonics og Vard Elektro, partnarar Rem Offshore, Solstad Offshore, SINTEF Energi, SINTEF Ocean, DigiCat, Sustainable Energy, Equinor, Source Energie, Corvus Energy, Plug, Shoreline, Marin Energi Testsenter, Universitetet i Bergen, NORCE og Maritime CleanTech.