Kommentar:
– Det er ikkje nynorsk som reddar norsk verftsindustri
Eg elskar nynorsk. Sjølv om eg ikkje brukar nynorsk til dagleg, er eg medlem av mållaget og opptatt av å verne om skriftspråket.
Då eg gjekk på ungdomsskulen kan eg hugse eit slagord som mange i mållaget hadde som klistremerke: Tal dialekt, skriv nynorsk.
Eg kjem frå ein nynorskkommune som i dag heiter Alver, men før kommunereforma heitte Lindås. Same kommunen som legendariske Ivar Medaas. Han bringa strilekulturen (for det er strilar vi er) ut til finfolket i Oslobygda.
I tillegg hadde Salhuskvintetten stor suksess på 60-talet med songar som “Gryta hennar mor” og “Da ska' bli andre bollar når papen kjem heim til jul”. Det var riktig nok før mi tid, men dei blei spelt på NRK Hordaland i oppveksten.
No kjem det eit sprekt forslag om å krevje nynorsk i anbodskonkurransar for å hjelpe norske verft med å vinna offentlege anbod, og no særleg innan forsvaret.
I Langtidsplanen for Forsvaret skal det investeres enorme summar i nye fartøy, og norske verft vil sjølvsagt ha desse oppdraga.
For å få opp aktiviteten og øve muskelen ved norske verft har derfor utgreiingsseksjonen på Stortinget undersøkt kor kreativ staten kan vere utan å komme på kant med EU-kravet om fri konkurranse. Blant tiltaka som blir drøfta, er strengare krav til skriftspråk, skriv NRK.
Tanken er at om ein krev nynorsk i anbuda, vil det bli problem for utanlandske verft å hevde seg.
Sprekt som sagt, men ikkje særleg gjennomtenkt.
Kunstig Intelligens har null problem med å omsette tekst frå alle språk til både bokmål og nynorsk. I tillegg krev det berre ein telefon til ein nynorskbrukar, så har du dokumenta dobbeltsjekka.
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, tykkjer ideen er god. Det er ikkje så rart, det er jobben hans. Også Sofie Marhaug frå Rødt er positiv.
– Kvifor ikkje? Det gjer at sjansen for at vi får fleire oppdrag til skipsverfta på Vestlandet vil auke mykje, seier ho.
Andre, som betre kjenner kor skoen trykkjer, er meir negative.
Hugo Strand, styreleiar i Norske Skipsverft og administrerande direktør ved Fitjar Mek seier:
– Det er andre verkemiddel som er meir effektive for å bidra til meir norsk skipsbygging enn språkkrav. Sjøforsvaret må byggje alle overflatefartøya ved norske verft, også nye fregattar.
Som sagt. Eg er for nynorsk, og gjerne meir nynorsk, men å krevje nynorsk for å vinne anbod er ikkje vegen å gå. Det finst andre, og meir effektive, tiltak enn som så.
Men dei skal ha for kreativiteten.