Debatt:

Ulstein Verft i Ulsteinvik

«Skipsingeniør – ei utdanning for framtida»

Dei maritime næringane er blant Norges største eksportindustriar, og den norske maritime klynga er ein spydspiss for å nå målet om nullutslepp

Publisert Sist oppdatert

Både nasjonalt og internasjonalt er det krav om å få ned utsleppa av klimagassar, dette gjeld også for skipsfarten. I nær framtid kjem det krav til at fartøy ikkje skal sleppe ut avgassar som kan vere skadelege for miljøet (såkalla nullutsleppsfartøy). Skal vi greie dei måla som er sette, så må ein ha fokus på å bygge skip som har reduserte energibehov, samt at den energien som vert brukt må kome frå energiberarar som ikkje slepper ut klimaskadelege avgassar. Dette er ei stor utfordring som næringa tek på det største alvor. Den maritime klynga på Sunnmøre er smerteleg klar over utfordringane, og har ambisjonar om å vere med i den teknologiske utviklinga som må til for å oppnå desse måla. Det er derfor tydelege behov for framtidige skipsingeniørar, både her i regionen og nasjonalt/internasjonalt.

Ei sterk klynge

Ulstein utviklar skipsdesign innan fleire skipssegment, som offshoreenergi (havvind, olje, gass), cruise og fiskeri. Selskapet jobbar frå tidleg fase med å forstå dei operasjonelle behova og øvrige krava til skipet, utforske løysingar, skape eit heilheitleg skipsdesign og utdetaljere skipsdesignet for bygging. Både ved eige verft og i samarbeid med frittståande verft er Ulstein med i byggeprosessen og også vidare i livssyklusen i kontakt med reiarlag for ettermarknadsoppdrag, som analysearbeid, ombygging, klassing, reparasjon og andre behov som måtte vere der.

Designteamet jobbar i lag på tvers av fagdisiplinar med spesialistar innan hydrodynamikk, hydrostatikk, struktur, elektro- og maskinerisystem for å ta fram den mest konkurransedyktige løysinga sett frå eit teknisk, økonomisk og operasjonelt perspektiv, og vidare utdetaljere dette.

Det som gjer det ekstra givande å jobbe i Ulstein, eller i dei andre designselskapa- og verftsmiljøa på Sunnmøre, er den sterke maritime klynga vi har her. Det gjer at vi jobbar i lag også på tvers av selskap, vi jobbar tett i lag med reiarlag, verft og utstyrsleverandørar for å drive fram gode løysingar.

Fremst i verda

Dette driv den maritime næringa på Sunnmøre framover til å vere av dei fremste i verda når det gjeld grøne løysingar. Verda ser til Noreg. Til Sunnmøre. Her vert innovasjonar skapte.

Tett saman med den maritime klynga og næringa utdannar NTNU i Ålesund studentar med den nødvendige grunnutdanninga for å vere med å jobbe med denne type problemstillingar i framtida. Ei utdanning som skipsingeniør er ei fleksibel utdanning som førebur deg til å jobbe med mange ulike oppgåver - både i samband med utvikling av skip og utstyr til skip.

Hav er eit av tre fokusområde for NTNU i Ålesund. Havsatsinga ved NTNU i Ålesund er fleirfagleg og involverer alle fagområda på campus. Regionen har over 200 maritime verksemder som dekker heile verdikjeda frå hav til bord. Kjenneteiknet for dei marine og maritime næringsklyngene er høg innovasjonshastigheit. Samarbeid mellom det store fagmiljøet knytt til havbaserte aktivitetar ved heile NTNU og det sterke maritime næringslivet på Sunnmøre, har posisjonert NTNU i Ålesund som ein sterk nasjonal og internasjonal aktør både i forsking og utdanning.

Berekraftig energibruk

Arbeidet med berekraft har hatt ein topp prioritet hos NTNU i lang tid. På skipsingeniørstudiet har vi eit sterkt fokus på å redusere energibehov og sjå fram mot ei utsleppsfri framtid. Hos NTNU i Ålesund får studentane utdanning om korleis utforme skrogformer med minst mogleg motstand for å redusere energibehovet til framdrift. Effektive propulsjonsløysingar som har så lite tap av energi som mogleg frå energikjelda til effektiv framdrift av skipet. Maskinerisystem som genererer den nødvendige energien utan å sleppe ut klimaskadelege avgassar. Kontrollsystem som optimaliserer energibruken om bord i skipet og avanserte ombordstøttesystem som gir assistanse til mannskapet om korleis dei kan operere skipet, for å bruke minst mogleg energi og samstundes utføre ein sikker og økonomisk berekraftig operasjon.

Hos NTNU i Ålesund får ein innsikt i korleis skrogforma påverkar korleis fartøyet oppfører seg i sjøen (stabilitet, motstandskarakteristikk, propulsjonskarakteristikk, bevegelse i bølger), studentane får innsikt i korleis skroget er bygd opp reint styrkemessig (global styrke av skipet samt lokal styrke til dømes frå bølgeslag samt innfesting av kraner og anna dekksutstyr), studentane får innsikt i korleis ulike maskinerisystem kan settast saman for å kunne gje ein stabil kraftproduksjon til alle skipet sine konsumentar, og korleis nye energiberarar (som til dømes hydrogen og ammoniakk) set nye krav til både plassbehov og sikkerheit om bord i skipet. I tillegg får dei som studerer faga ei innføring i korleis det totale energibehovet kan kontrollerast og optimaliserast mellom dei ulike konsumentane om bord.

Ein samansett organisme

Eit skip er ein samansett organisme, noko som set store krav til at du som skipsingeniør må ha tverrfagleg kompetanse. Studiet er i seg sjølv tverrfagleg og gir innføring i mange ulike spesialiseringar. Ved NTNU i Ålesund er studentane i eit tett og oversiktleg miljø der ein har god dialog med andre studieprogram, noko som gjer at det er enkelt å lage tverrfaglege problemstillingar på ulike studentoppgåver (frå mindre prosjektoppgåver til bacheloroppgåvene).

NTNU i Ålesund har tett dialog med den maritime klynga på Sunnmøre og gjer seg hyppig bruk av lærekrefter derifrå. Både universitetet og næringa ser eit aukande behov for skipsingeniørar i framtida. Maritim næring og skipsdesign er i endring, og NTNU må utvikle utdanningane for å levere dei kandidatane som blir etterspurt i fremtida.