Dagfinn Neteland (i midten) går av som administrerande direktør i Fjord1. Her samen med ordfører i Fedje, Stian Herøy (tv) og fylkesordførar Jon Askeland (SP) til høgre.

Går av i Fjord1

Dagfinn Neteland går av som toppleiar i selskapet og har siste arbeidsdag 31. mai. Ny administrerande direktør er Geir Bruvik Mjelde, som tiltrer stillinga 1. juni.

Etter 10 år som toppleiar i Fjord1 fråtrer Dagfinn Neteland stillinga etter eige ønskje. Prosessen med å finne ein arvtakar har vore planlagd over lengre tid i tett dialog med styreleiar og eigarar. Når Neteland no takkar for seg, er det med eit stolt tilbakeblikk på resultatutviklinga i selskapet dei siste åra:

– Det har vore fantastiske år i Fjord1 – i ei svært spennande og meiningsfull næring. Fjord1 har vore ein pionèr og er i dag det desidert leiande selskapet, der vi har rigga oss godt med eit stort potensial i framtida. Vi har erstatta dieselfartøy med ny miljøvennleg teknologi, og no står neste generasjon hurtigbåt og autonomi for tur, eit symboltungt bevis på kor langt vi er kome. For meg er «ringen slutta» her, og det er berre positivt at nye krefter tek over.

1.juni tiltrer ny administrerande direktør, Geir Bruvik Mjelde.

Styreleiar i Fjord1, Martha Kold Monclair, rosar Neteland for arbeidet som er lagt ned, og for å leie selskapet med høge ambisjonar, vekst og styrka resultat:

– Dagfinn har gjort ein fantastisk jobb, og vi takkar han for innsatsen og dei gode resultata. Han har vore ein stor og viktig bidragsytar til å byggje Fjord1 som det leiande selskapet som det er blitt i dag. Han har vore ein framoverlent og dyktig leiar som vi ønskjer lykke til vidare.

1. juni tiltrer ny administrerande direktør, Geir Bruvik Mjelde. Han kjem inn i Fjord1 med ein solid bakgrunn innan ei rekke toppstillingar i ulike selskap, sist som administrerande direktør i Kristian Gerhard Jebsen Skipsrederi i Bergen. 

– Eg gleder meg veldig til å lære og kjenne ein ny bransje. Ferje og hurtigbåt er nytt for meg, men eg kjenner meg trygg på kompetansen som sit i Fjord1, med tanke på dei gode resultata som selskapet leverer. Eg er stolt og takknemleg for tilliten som eigarar og styret viser ved å tilsette meg, seier Mjelde.