Cyan Renewables velger Ulstein-design
Cyan Renewables med hovedkontor i Singapore har kontrakt med Ulstein Design & Solutions BV som designer av ein serie nye flytande fundamentinstallasjonsfartøy (FFIV) dedikert til havvind. Med økande mangel på installasjonsfartøy for tunge løft, er disse nye FFIV-ene nødvendig for å fylle gapet.
Behovet for installasjonsfartøy som kan gjere tunge løft er aukande, og denne typen skip vil gjere det mogleg for Cyan å bidra til utviklinga av havvindindustrien.
Cyan Renewables er Asias første reindyrka havvindreiarlag som yter tenester til den raskt veksande havvindparkindustrien globalt. Teamet blir leid av industriveteranar basert i Singapore og Danmark og selskapet skal eige og leige avanserte fartøy til å følgje opp heile livssyklusen til havvindparkar.
Leiande global leverandør av fartøy til havvind
- Med den sterke referanselista innan design av tungløftsfartøy og god forståing for marknadsavgrensingar og krav, er Ulstein den føretrekte partnaren til å designe dei nye fartøya våre, seier Torgeir E. Ramstad, administrerande direktør i Cyan sin FFIV-divisjon.
FFIV er ei forkorting for Floating Foundation Installation Vessels. Slike skip kan installere turbinfundament mens de ligger på dynamisk posisjon, i motset til en rigg eller jack-up.
Ramstad holdt fram:
- Vi setter oss som mål hos Cyan Renewables skal vere ein leiande global leverandør av fartøy til havvind ved at vi samarbeider med utviklarar og kontraktørar om framtidsretta skip.
Nyutvikla designløysninge
Edwin van Leeuwen, administrerende direktør i Ulstein Design & Solutions BV, satt pris på samarbeidet.
- Vi er veldig glade for at Cyan verdset kvalitetane våre og vel oss som partnar for å realisere ambisjonane sine innan havvind. Tilbake i tid spådde vi at det ville bli en mangel på fundamentinstallasjonsfartøy. Utviklinga går raskt og vi har sidan arbeidet med å utvikle framtidas installasjonsfartøy for å støtte veksten i havvindindustrien.
Dei nye skipa vil ha dekksplass og krankapasitet store nok til å møte utviklinga innan fundamentdesign, inkludert monopålar og såkalla jakker. I tillegg vil dei òg ha lave utslepp ved at det vert brukt eit hybridkraftsystem som består av dual-fuel-motorar (metanol), landstraum og batteri.
Ulstein blended design
- For en del av FoU-arbeidet vårt tok vi i bruk en ny metode, som vi kaller Ulstein Blended Design, for å utvikle forretningsplanen og skipsdesignet samtidig. Med denne metoden utforsker vi fleire tusen skipsdesign for å komme fram til dei mest framtidssikre løysingane, seier Ko Stroo, som er produktsjef/leiande skipsdesignar i Ulstein Design & Solutions BV.
- Vi jobbet med flere ulike framtidsbilder i offshorevind, noko som bidrog til å finne de optimale kombinasjonene for Cyan sin forretningsplan og framtidige design, fortel han.
Ulstein Design & Solutions BV spesialiserar seg på design og utvikling av framtidas skip innan offshore energimarknaden, frå enkle til komplekse løysingar. I tillegg til nybyggdesign er Ulstein Design & Solutions aktivt involvert i rådgjeving og moglegheitsstudier for oppgradering av fartøy.