Nybyggingskontrakt til Ulstein
Ulstein Verft skal bygge to nye serviceskip for havvindindustrien (CSOV). Desse vil bli utstyrte med hybrid batteriframdrift og vere førebudde for grønt metanol som vil mogleggjere karbonnøytrale operasjonar. Kontraktane er inngått på vegner av institusjonelle investorar under leiing av J.P. Morgan Asset Management og inkluderer to opsjonar.
I 2023 kontraherte Bernhard Schulte Offshore design og bygging av to slike skip frå Ulstein, ein kontrakt som inkluderte opsjonar på to pluss to fartøy. Desse opsjonane har vorte overførte til investorane, og dei to første vert no erklært, heiter det i ei pressemelding frå Ulstein.
Skal yte tenester for ei grønare framtid
- Vi er glade for å utvide den noverande aktiviteten vår innan vedlikehald i havvindsektoren, kommenterer Andrian Dacy, som er Global Head i J.P. Morgan Asset Management’s Global Transportation Group. Han legg til:
- Desse CSOV-ane er baserte på det siste innan teknologi og vil ha ei kritisk rolle i utviklinga og leveringa av fornybar energi og den globale energidekarboniseringa.
- Havvindindustrien står sentralt for å kunne oppnå klimamåla, og vi meiner at dei drivstoffeffektive skipa våre vil vere viktige brikker for å nå desse måla, seier konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein.
Om skipa
Skipa har ei stor, sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og heistårn for personell- og lastoverføringar. Det er vidare installert ei 3D-kompensert kran som kan løfte fem tonn offshore-laster. Logistikken om bord er optimalisert, og inkluderer stor lagringskapasitet og trinnlaus tilkomst til offshoreinstallasjonane.
Fartøya har ei lengd på 89,6 m og ei breidd på 19,2 m.
ULSTEIN SX222-designplattforma er tilpassa behovet til reiaren, inkludert enkeltlugarar for 110 personar.
Til saman vil fartøya kunne romme 132 personar. Skipa vil ha hybrid batteridrift og vere førebudde for metanol slik at karbonnøytrale operasjonar er moglege. Skipa er fleksible og attraktive for arbeid innan område som O&M (Operation and Maintenance) eller konstruksjonsstøtte, spesielt i utfordrande vêr- og sjøforhold.