Utdokking av byggnummer 320.

Sjøsetting av byggnummer 320

Søndag vart byggnummer 320 sjøsett ved Ulstein Verft. Skipet er eit havvindsserviceskip av typen «Commissioning Service Operation Vessel» (CSOV) for BS Offshore.

Ulstein Verft skriv i ei pressemelding at sjøsettinga kjem etter ein omfattande utrustingsfase som mellom anna omfatta installasjon av elektriske og mekaniske system, røyrlegging, innreiing og systemintegrasjon.

Sjøsettinga gjekk føre seg i fleire fasar. I februar vart nybygget flytta frå dokkhallen til ytre dokk. Medan skipet låg der, vart Ampelmann-tårnet og gangvegen montert. Søndag blei skipet tatt vidare ut på sjøen og plassert ved kai, der det vil bli verande til prøvetur tek til seinare i år, skriv Ulstein Verft.

Bygg 320 er eit skip med det nye TWIN X-STERN-designa og er utstyrt med ei 3D-kompensert kran og ein såkalla «Walk-to-Work»-gangveg, som sikrar trygg og effektiv overføring av personell og last til havvindanlegg. Det dieselelektriske framdriftssystemet, kombinert med ei stor batteripakke, reduserer miljøavtrykket. Skipet er også førebudd for metanol som drivstoff.

Bygg 320 er eit skip med det nye TWIN X-STERN-designa.

Skipet er tiltenkt arbeid i havvindindustrien, og har moderne og komfortabel innreiing for opptil 132 personar. Fartøyet er planlagt levert i andre kvartal 2025, og vil styrke dei operative evnene til BS Offshore.