MF «Rygerbuen» skal bli elektrisk
Frå 1. januar 2024 vil bilferja mellom Stavanger og Vassøy vera eit nullutsleppsfartøy med elektrisk framdrift.
Rødne vann anbodet for å drifta sambandet i minimum tre nye år.
No har Brunvoll fått oppdraget med å byggja om ferja til elektrisk framdrift, kjem det fram i ei pressemelding.
Her skriv dei at Brunvoll har spesialisert seg på systemleveransar til mindre arbeidsbåtar og passasjerfartøy. I seinare tid har dei opparbeida seg stor kompetanse, og levert fleire elektriske og hybride system.
– For oss i Rødne er det ekstra spanande å starta arbeidet med vår andre batteridrivne båt. Gjennom ombygginga av «Rygerbuen» bidreg me med viktige miljøtiltak for å minska utslepp og skåna miljøet, seier teknisk sjef i Rødne, Ragnhild Opsahl Steigen.
– Me har samarbeida med Brunvoll i mange år, og ser fram til å gjennomføra prosjektet i lag med dei.
Gode løysingar
– Me er svært nøgde med at Rødne har valgt oss, og ser på det som eit bevis på at våre løysingar møter marknadens krav i forhold til elektrifisering av fartøy, seier Bjørn Svendsen, VP Sales & Marketing i Brunvoll.
Han fortel vidare at leveransen vil innehalda mellom anna Trition EMS (Energy Managment System), DC-tavler, Hotel-last invertere, EL-motorer med invertere, CCS landkopling for lading og 904 kWh Spear Trident Versa-batterisystem.
Ombygginga vil skje i tredje kvartal i 2023, og “nye” «Rygerbuen» er venta å vera i drift frå 1. januar 2024.