
Bauta Group er Årets bedrift i Møre og Romsdal
Bauta Group er Årets bedrift i Møre og Romsdal i 2024. Det vedtok kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal einstemmig.
Dagleg leiar Daniel Sunde i Vestnes-bedrifta er rørt over at dei blir verdsett på denne måten.
– Det er veldig, veldig mange dyktige tilsette som har lagt grunnlag for det vi har fått til over mange år. Prisen gir fornya motivasjon. Eg vart både stolt og rørt då eg vart oppringt onsdag morgon og fortalt at vi får prisen, seier Sunde i ei pressemelding.
600 tilsette
Bauta Group AS vart etablert i 2009 av John Arve Sundet og omstrukturert til konsern i 2018 med 18 selskap og over 600 tilsette. Hovudområdet er stål til skipsindustrien, men dei driv også med havbruk, eigedomsutvikling, utleige av maskiner og elektrotenester.
Dotterselskapa har solide posisjonar i sine marknadar. Vi nemner:
- Bauta Maritime AS er Norges største frittståande stålbyggar og har avtalar med over 30 norske skipsverft.
- Bauta Construction leverer stålkonstruksjonar og har levert dei fleste fergebruene i fylket.
- Bauta Metal driv med internasjonalt innkjøp av stål. Dette gjer at konsernet får ein global verdikjede med leveransar med skip rett inn til kaia på Skorgeneset i Vestnes, der dei i år skal opne Norges mest moderne skjeresenter for stål.
- Bauta Aquaculture, etablert i 2022, skal bygge lukka oppdrettsmerder med produksjonsstart i 2025.
Populær arbeidsplass
Økonomien i konsernet er god, og dei er nominert av Vestnes Næringsforum AS for sitt fokus på berekraft og som ein populær arbeidsplass blant unge. Selskapet legg vekt på kontinuerleg forbetring og kvalitetssystem, og dei tilsette er sett på som den viktigaste ressursen.
Konsernet er godkjent lærebedrift og har ein klar strategi for berekraft.
– Vi har vore heldige, men mest flinke, og klart å ha ei berekraftig utvikling og vekst. Vi har klart å tene pengar. Og det er iboande i heile organisasjonen at vil vil skape, seier dagleg leiar Daniel Sunde.
Utvalsleiar: Eit godt val
Leiar Geir Asle Stenseth i kompetanse- og næringsutvalet seier at Bauta Group, eit selskap i skipsbyggarkommunen Vestnes, er eit svært godt val som årets bedrift.
– Vi gratulerer så mykje og håpar at prisen vil inspirere andre bedrifter i fylket.
– Vi fekk i møtet opplyst at dei har god kontakt med Fagskolen i Møre og Romsdal. Dette viser også at dei er utroleg framoverlente, seier han.