Ecoflow Propulsor til «Hydrogen Viking»
Servogear er stolte over å stadfeste levering av propellsystemet, Ecoflow Propulsor til banebrytande fartøy.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I januar vart det offisielt at Green Yacht AS har valt Servogear som leverandør av framdriftssystem til fartøyet «Hydrogen Viking». Båten, som er ein ombygd Sunseeker Predator 95 blir eit av verdas første og raskaste skip driven av hydrogen.
«Hydrogen Viking» skal utrustast med ei hydrogen celle som skal avgje energi til ein batteribank om bord som igjen skal forsyne gir og propeller med tilstrekkeleg kraft for å flytte skipet i over 30 knop!
- Det er utruleg kjekt, givande og lærerikt for Servogear å få ta del i dette innovative prosjektet. Servogear tek mål av seg å sitje i førarsetet når det kjem til å levere framtidsretta propulsjonsteknologi og denne ordren skulle vera det fremste prov på nettopp det, seier Torleif Stokke, dagleg leiar i Servogear i ein kommentar.
«Hydrogen Viking» blir av dei fyrste fartøya i verda som er drifta av hydrogen åleine og i soleklar tet når det kjem til toppfart. Fartøyet er eit pilotprosjekt for eigaren Green Yacht og systemet er tiltenkt vidare kommersialisering både til nybygg og ombyggingar i etterkant.
Hydrogen i kombinasjon med batteri er allereie inkludert på mange teiknebrett og i mange planar, men «Hydrogen Viking» blir av dei fyrste som blir realisert.
- Når vi nå har besluttet leverandør av fremdriftssystem har vi lukket en stor og viktig milepæl for prosjektet. Vi valgte Servogear, rett og slett på grunn av deres historikk og kompetanse innenfor fremdriftssystemer. En kompetanse vi allerede har fått god bruk for i detaljprosjekteringen av Hydrogen Viking. Vi er nå i rute med prosjektet og ser virkelig frem i mot prøvetur og lansering, seier Christian Erichsen, prosjektleder for «Hydrogen Viking» i Green Yacht AS.
Green Yacht er et Bergensbasert selskap som blant annet har Greenstat, Prototech og Corvus på eiersiden.
- Det er svært positivt at vi kan benytte en lokal leverandør av fremdriftssystem når man skal utvikle grønne energiløsninger til maritim sektor, seier Vegard Frihammer, dagleg leiar i Greenstat og styreleiar i Green Yacht.
Leveranse av framdriftsløysinga er satt til sumaren i år og alt ligg til rette for at det fyrste hurtigåande hydrogenfartøyet i verda kjem til å segla under norsk flagg. Det er noko å vere stolt over!