Doblar omsetnaden og ser for seg ytterlegare vekst
Årsresultatet for Stadt AS har komme.
Omsetnaden har meir enn dobla seg frå 15,3 millionar i 2022 til 37,3 i 2023. Dei peikar på at stor aktivitet i inneverande år tyder på at veksten vil halda fram for Stadt- gruppa, som består av selskapa Stadt AS, Stadt Naval og In Motion AS.
Tall i mill. kr | 2023 | 2022 |
Omsetning | 37,3 | 15,3 |
Driftsresultat | 0,042 | −2,3 |
Driftsmargin % | 1,12 | −15 |
Resultat før skatt | 1,4 | 1,9 |
EK % | 20,4 | 11,6 |
Kilde: Brønnøysundregistrene |
Stadt Naval har utrusta tre militærskip med Stealth, som er støyfri framdriftsteknologi. Ifølgje Stadt er marknaden dei opererer i sterk vekst, både militært og sivilist.
Vidare skriv dei at det er venta store flåtefornyingar både hjå norsk og dansk marine, som kan gje store ordrar til Stadt Naval AS dei kommande åra.