Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.

Historisk klimavedtak i IMO: Internasjonal skipsfart får nye utsleppskrav

Eit nytt og omfattande regelverk for å redusere klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart blei fredag godkjent i FN sin internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO). Med dette tek verdssamfunnet eit stort steg mot meir berekraftig skipsfart.

Publisert Sist oppdatert

Sjøfartsdirektoratet skriv i ei pressemelding at det var ei nervøs stemning under møtet i IMO sin miljøkomite (MEPC) ettersom det blei bedt om ei avstemming, noko som er svært uvanleg i IMO. Heldigvis var det eit stort fleirtal som støtta kompromissforslaget, som no går vidare til vedtak. Det er sjeldan at slike saker blir avgjort gjennom avstemming i IMO, og engasjementet rundt saka har vore stort.

– Dette er eit viktig gjennomslag for det globale klimaarbeidet, og eit stort steg for skipsfarten. IMO har vist at det framleis er mogleg å samle verdssamfunnet om konkrete og forpliktande tiltak i klimakampen, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim i ei pressemelding.

Dette er regelverket

Det nye regelverket stiller krav til klimagassintensiteten i drivstoff brukt av skip – altså kor mykje klimagassar som blir sleppte ut per energieining drivstoff.

I tillegg blir det innført ei økonomisk ordning. Skip som ikkje oppfyller utsleppskrava fullt ut må betale inn til eit fond. Fondet er venta å kunne samle inn mellom 100 og 150 milliardar kroner årleg.

Desse midla skal brukast til å støtte utvikling og bruk av alternative drivstoff og grøne teknologiar i skipsfarten.

Vegen vidare

Sjølv om forslaget no er godkjent, er det ikkje endeleg vedteke. Det blir no sendt til partane i MARPOL Vedlegg VI for vidare behandling, med mål om endeleg vedtak på eit ekstraordinært møte i IMO sin miljøkomité (MEPC) i oktober.

Dersom det går gjennom, vil dette bli det første globale regelverket som set konkrete krav til klimautslepp frå ein heil næringssektor.

– Dette vedtaket er ei viktig stadfesting av IMO si rolle som ein sentral aktør i det internasjonale klimasamarbeidet. No er det viktig å halde oppe trykket fram mot oktober, seier Sørheim.