Ulstein skal designe og byggje ekspedisjonsskip for Lindblad Expeditions-National Geographic. Foto. Ulstein

Ulstein verft byggjer polarskip

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic, skriv verftet i ei pressemelding.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. har signert avtale med Ulstein Verft for bygging av eit ekspedisjonsfartøy med skroglinjeforma X-BOW®. Lindblad er ein leiande aktør innan ekspedisjonscruise og reiseopplevingar utanom det vanlege.

Leverast i 2020

Det nye fartøyet vil bli bygd på Ulstein Verft i Ulsteinvik, og skal leverast i første kvartal 2020. I avtalen ligg også opsjonar på ytterlegare to skip.

- Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group i meldinga.

Drivstoffeffektivt

Det moderne skipet er utvikla for polare forhold, saman med berekraftige løysingar for å redusere påverknaden på miljøet. Den bakoverlente baugen, X-BOW®, som er Ulstein sitt designkjenneteikn, syter for drivstoffeffektivitet samtidig som han forbetrar passasjerane sin komfort i røff sjø. Skipet har også ei svært høg isklasse for å kunne kome seg langt inn i polare strøk. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre lengre operasjonar i fjerntliggande område. Integrerte stabilisatorfinnar sikrar stabiliteten undervegs, mellom anna når skipet stoppar opp for å observere dyrelivet, eller ved avstigning eller ombordstigning.

- Toppmoderne

- Dette vert eit toppmoderne fartøy, og vi er veldig glade for å jobbe i lag med Ulstein og deira team av dyktige ingeniørar og designarar når vi no utvidar flåten vår. Det nye skipet blir sentralt for vår langsiktige vekst, og vil bli verdas mest ekstraordinære ekspedisjonsskip innan ei rekke område, seier Sven Lindblad, som er konsernsjef i Lindblad.

Lindblad Expeditions-National Geographic ønskjer at dei reisande skal kunne delta i utforsking av naturen. Skipet er derfor designa for å få tilgang til naturen overalt på skipet. 75 prosent av lugarane har eigne balkongar, og der er fleire observasjonsdekk både innandørs og på dekk, i tillegg til observasjons-vingar. Naturen kring skipet vil difor alltid vere tilgjengeleg. Utforsking av naturen utanfor skipet er mogleg på kort tid med eit innovativt lastesystem for rib/gummibåtar. Skipet har også eit rikt utval av mellom anna kajakkar, ski, ein fjernstyrt miniubåt, hydrofonar, eit videomikroskop og eit undervassvideokamera for fleire ekspedisjonsopplevingar, i tillegg til eit helikopterdekk.