Utforsk hava med ULSTEIN sin “Discovery”-serie
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Med opphav i ein designplattform for offshoreskip, presenterer Ulstein Group sitt ‘Discovery’-konsept som inkluderer tre ulike fartøy innan kategoriane utforsking, cruising og kystpatruljering. Illustrasjonen er visar eit av utforsking alternativa.
- 70 prosent av jordas overflate er dekt av vatn. 80 prosent av havet er djupare enn 3000 meter. Noreg åleine administrerer eit havområde der overflata er seks gongar større enn fastlandet, seier Tore Ulstein, som er visekonsernsjef i Ulstein Group.
Dei store uutforska områda har inspirert ULSTEIN til å kome med nye konseptutviklingar. - Med snart 100 års maritim erfaring, dei siste tiåra særskilt retta mot offshorefartøy, ynskjer Ulstein Group no å vidareutvikle seg inn mot nye designområde der vi ikkje har etablert oss endå, område som utforsking, cruising og patruljering, fortel Ulstein.
- Fleire og fleire privatpersonar ynskjer å utforske og reise på hava. Det å sikre og patruljere kystlinjene er også stadig viktigare. Dette er tre ulike segment som alle kan bli utvikla frå vår offshoreerfaring. Dei høyrer til i same designfamilien, og kan dele nokre av dei same grafiske elementa, slik som vertikale vindauge på delar av brua, oppsamling og lagring av fornybar energi, og alternative materialar.
Kostnadseffektivt
Skroget er slankt og effektivt. Framdriftsoppsettet, botnmåling med låg friksjon, og også redusert vekt som følgje av alternative skrogmaterialar, bidreg alle til å redusere drivstofforbruket. X-BOW® har stor påverknad på sjøeigenskapar og komfort for mannskapet. X-BOW-skip kan anten halde oppe farta i tøff, møtande sjø, eller kan redusere påverknaden på naturmiljøet ved å redusere fart, og med det spare vesentlege mengder drivstoff.
“Røff og tøff” – eller berekraftig fritid
Eit patruljeskip må vere hardført og uthaldande for å kunne handtere hardt ver, og det treng mykje kraft for å kunne halde oppe farta. Cruise- og utforskingsfartøy treng meir enn å vere hurtige og robuste:
- Vi ser på alternative skrogmaterialar, slik som kompositt, og bruken av alternative energikjelder som solcellepanel. Energikonservering er svært viktig, og batteribankar sparar opp den innsamla energien og sper den ut til brukarane etter kvart som behova oppstår.
- Grunnleggjande for alle designa våre er den heilheitlege profilen som byggjer på det økologiske fotavtrykket til skipa. Discovery-serien har slanke og kostnadseffektive skrog som gir liten motstand i sjøen. På same tid er dei solide og med styrke nok til å opphalde seg offshore, avsluttar Tore Ulstein.