Batteridreven bilferje levert frå Solund Verft AS
Solund Verft AS sitt bygg nr. 8, den batteridrivne ferja "Hisarøy", vart i dag slepa frå kai i Solund. Ferja skal deretter koplast opp i kabelstrekk strekninga Mjåneset - Hisarøy i Gulen kommune.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Reiarlaget er Wergeland AS som og driv kabelferja FJON-M i riksvegsambandet Duesundøy - Masfjordnes. Fjon-M var og bygd ved Solund Verft som verftets bygg nr.5. Nybygget er konstruert av Solund Verft AS i samarbeid med reiarlaget Wergeland AS og Maritime Engineering AS Knarvik.Ferja skal døypast 23 august klokka 17:00 ved ferjekai Hisarøy.
Hovuddata for fartøyet er:
LOA 35,0 m.
Bredde 8,6 m.
Ferja har sertifikat for 49 passasjerar og kunne laste 6 personbilar eller eit vogntog på 12,4 meter med totalvekt 32 tonn.
Akseltrykk 10 tonn.
Batterielektrisk framdriftssystem
Drift av framdriftssystemet er med batteri som kraftkjelde som drift av el- hydraulisk vinsjar. Batteripakken er levert av det Kanadiske firmaet Electrovaya/ Miljøbil Grenland AS. Hisarøy-ferja vert såleis den første batteridrivne ferja i landet.
Bygging av heile ferja inkludert skrog og komplett utrustning har vorte utført ved Solund Verft AS. Der elektro prosjektering og installasjon er utført av HAFS Elektro & Rør AS. Kabeldrift av ferja levert av det Svenske firmaet Lidan Marine AB er etter same prinsippet som FJON-M med 2 ståltau strekt over sundet og ein vinsj på kvar side av fartøyet