Simek med ny ordre til Rolls-Royce
Rolls-Royce skal designe og utstyre eit offshore supply fartøy av typen UT 755 LC for eit ukjent rederi. Kontrakta har ein verdi på om lag NOK 60 million, og båten skal byggast ved Simek AS i Flekkefjord.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Dette er det tjuetredje fartøyet av Rolls-Royce design som vert bygd ved Simek, og forventa levering er sommaren 2012.
- Vi er naturleg nok glade for denne ordren, og spesielt kjekt er det å gjere forretningar med Simek igjen. Lange og gode relasjonar med dette verftet samt eit godt og velprøvd design, dannar grunnlaget for nok ein kontrakt, seier Magne Hjelle, salgsansvarleg i Rolls-Royce.
Om lag 170 fartøy av typen UT 755 er for tida under bygging eller i operasjon verda over. Dette designet er blitt svært populært fordi den har gode sjøeigenskapar, lavt bunkersforbruk, lite støy og vibrasjonar, god forsyningskapasitet samt at fartøya kan nyttast til ei rekkje oppgåver.