Noreq-ordrar for 22 millionar
Dei siste vekene har Noreq inngått kontraktar til ein verdi av 22 millionar kroner.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
For Noreq AS har den siste tida vore særs oppløftande, med fleire kontraktar med stor verdi. Dessutan og ikkje minst er ein kome inn på heilt nye marknader.
Administrerande Direktør Styrk Bekkenes er svært glad for resultata som er oppnådd i slutten av august.
Korea
- Vi har vunne ein svært viktig kontrakt med verdas største skipsverft Hyundai, i Korea. Dette er verkeleg ein milepæl for Noreq, og viser at vårt nye davitsystem har vore ei korrekt satsing. Hyundai har bestilt fire livbåtar og fire sett med rigg-davitar. Dette er til eit SHWE prosjektet, ein plattform som skal produsera gass for Myanmar, opplyser Styrk Bekkenes.
For Noreq er dette den aller første ordren i Korea.
- Ingen tvil om at dette verkeleg er stort, og med den første foten innafor marknaden i Korea, så har vi stor tru på at det kjem fleire ordrar i dette området. Salet av davitane syner at vi har gjort det rette med å utvikla det nye davit konseptet. Det spesielle med desse davitane er at dei har alle komponentar innebygd, i motsetnad til andre davitar. Denne typen davitar er vi òg dei einaste som kan tilby, seier administrerande direktør Styrk Bekkenes.
Fred Olsen
I tillegg til kontrakten med Hyundai skreiv Noreq denne veka under kontrakt i samband med Fred Olsen sitt heilt nye Wind Carrier prosjekt. Her skal Noreq levera livbåtar, to NPD 10500 davits og ein fast rescuebåt, til to skip. Det er Lamprell Energy som skal byggja skipa for Fred Olsen, i Dubai. Desse skipa skal vera med å gjera installasjonar av vindturbinar innan offshore både meir effektive. Etter planen skal dei nye skipa og gjera den totale kostnaden for offshore vindparkar lågare. Her får òg Noreq for første gong levert davitar til to Jack-up skip som skal operera i Nordsjøen for vindmølle-industrien.
- Det betyr mykje for oss å få leveranse til eit slikt prestisjeprosjekt og vi er svært glade for den tillit som er gitt frå både reiar og verft. Dette er framtida, og det skal i tida framover byggjast ei rekkje slike skip, og for oss er det gledeleg å få levera til dei første skipa.
Dei to nemnte ordrane er dei største som er inngått den siste tida, i tillegg er det gjort avtalar dei siste vekene med leveringar til Australia, Holland, Malaysia og Singapore.
- Så mange ordrar har vi aldri tidlegare inngått i løpet av så kort tid, opplyser Styrk Bekkenes.