Noreq sin nytilsette mann i Houston, Bernardo Cuellar.

Noreq Group opnar kontor i USA

Noreq gler seg over denne veka å opna nytt kontor i ein verdsdel vi ikkje har vore representerte tidlegare.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

19. august er det nye kontoret i USA operativt, opplyser administrerande direktør i Noreq, Styrk Bekkenes.
- Vi ser klart at USA er eit interessant område der vi har høve til å koma enno sterkare inn på marknaden. Særleg er det stor aktivitet innan offshore, og ein veldig stor del av dei som tek avgjerder innafor denne sektoren, sit nettopp i Houston, opplyser administrerande direktør Styrk Bekkenes.
For Noreq er det difor viktig å vera på plass med eigne tilsette i USA, og denne veka byrjar Bernardo Cuellar ved kontoret Noreq LLC i Houston.
Cuellar er utdanna innafor økonomi, sal og marknadsføring. Han har brei erfaring frå næringslivet i USA, mellom anna som representant for Innovasjon Norge i Houston og Mexico.
- Vi har alt forretningar i USA, men skal vi veksa vidare er det viktig å ha eigne folk på plass der. Vi har selt både fendrar og den nye kompakte daviten til kundar i USA tidlegare i år. Veldig spennande er det òg at vi har vore i tett dialog med store offshore-aktørar i USA, som er svært interesserte i torpedolivbåten vår, fortel Bekkenes.
Kraftig vekst
Samtidig som det blir opna kontor i USA er Noreq i full gang med å etablera kontor i Brasil, saman med Bergen Group Dreggen. Her er Wellington de Barros tilsett, han har sin første arbeidsdag for DreggenNoreq do Brasil første september.
Noreq har vore aktive når det gjeld tilsetjingar i år og tidleg i sommar vart staben i Singapore auka frå to til fire.
Ved hovudkontoret på Husnes er det sidan nyttår tilsett heile fem personar.
Staben i Noreq totalt er dermed auka med ni personar så langt i år, frå 23 til 32 personar.
- Det er definitivt travle tider for oss. Vi har veldig mykje å rekna på om dagen, noko som sjølvsagt er veldig kjekt. Dessutan er det hektisk messeaktivitet for oss framover, vi skal delta på ONS i Stavanger, SMM i Hamburg og Rio Oil & Gas den neste månaden, seier Bekkenes.