Prestisjepris til Rolls-Royce

Rolls-Royce vart i dag tildelt den prestisjefylte ’Next Generation Ship Award’ under Nor-Shipping-messa på Lillestrøm.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

“Vi er svært glade for at den maritime industrien har stor tru på vårt nye designkonsept som inneber meir miljøvenleg skipsfart, og at dette vert heldt fram som eit konsept for framtida,” seier John Paterson som er president for marinedivsjonen i Rolls-Royce.
For å oppnå dei største fordelane både med tanke på miljø og drift, kan den nye baugforma som Rolls-Royce har utvikla, kombinerast med Rolls-Royce design og integrert utstyr. Gjennom å kombinere desse elementa kan selskapet sitt miljøkonsept redusere CO2-utsleppa med meir enn 40 prosent.
Den nye baugforma gjer at fartøyet får betydeleg betre yteevne i sjøen og mindre risiko for skader på skrogplata i forskipet. Dette baugdesignet kan brukast på ei rekke typar fartøy, for eksempel: passasjerfartøy, ropax og roro skip, kjemikalie- og produkt tankarar, LNG/LPG tankarar, bulkskip, LNG bunkerfartøy og superyachts.