Tore Ulstein valt som ny NHO-president

Generalforsamlinga i NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) har i dag, 11. juni 2013, valt Tore Ulstein som ny president. Ulstein er styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group ASA.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Eg takkar NHO sine medlemmar for tilliten, og tek audmjukt fatt på å leie ein svært kompetent organisasjon vidare, seier Ulstein.

Kristin Skogen Lund ønsker Tore Ulstein varmt velkomen til NHO. – Eg gleder meg til å ta fatt på samarbeidet med Tore, som eg kjenner som ein svært innovativ næringslivsleiar.

Tore Ulstein er utdanna sivilingeniør og har også ein doktorgrad frå NTH (no NTNU). Han har vore med på utviklinga av kunnskapsparken i Ålesund, NCE Maritime i Ålesund, i tillegg til den maritime innovasjonsgruppa i Norsk Industri.

NHO er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Noreg med over 22,000 medlemsbedrifter.