Rolls-Royce med stor oppgraderingskontrakt
Rolls-Royce skal levere motorar og thrusterar til oppgradering av ein stor kranlekter for det amerikanske selskapet J. Ray McDermott. Kontrakta har ein verdi på over 110 millionar kroner.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ordren inkluderer seks undervannsmonterbare thrusterar og fire motorar, og er del av ei stor oppgradering av tungløfts- og rørleggingsfartøyet Derrick Barge 50 som opererer i Mexicogolfen.
- Denne kontrakten viser at kundene har tillit til vår teknologi og service, seier Helge Gjerde, Senior VP Offshore. Rolls-Royce har omfattande erfaring innan offshore skipsdesign og utstyrssystem, og våre thrusterar og motorar er velprøvde i offshoremarknaden. Med vårt nye servicesenter i Galveston, Texas, har vi også styrka vår kundestøtte i området rundt Mexicogolfen.
I mars 2009 opna Rolls-Royce eit nytt anlegg i Galveston i Texas. Det nye Rolls-Royce Marine servicesenteret i Galveston har ei golvflate på 3700 kvm, og tilbyr avanserte reparasjons- og overhalingsfasilitetar for heile selskapets portefølje av marineprodukt til kundar i området rundt Mexicogolfen. I løpet av 2009 opna Rolls-Royce seks nye servicesenter, i Europa, Nord- og Sør-Amerika og i Midt-Austen.